Gå til sidens hovedinnhold

No er det gratis å ta ut pengar, frå sommaren må du betale sju kroner kvar gong

Artikkelen er over 4 år gammel

Sparebanken Sogn og Fjordane aukar gebyra sine.

Til no har du kunna ta ut pengar i bankens eigne minibankar gebyrfritt. Frå 1. juli er det slutt på det, skriv Firda.

– Bakgrunnen er først og fremst at kontantbruken går ned og kostnaden med kontanthandering aukar, seier direktør for privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane, Hallvard Klakegg.

Frå 1. juli aukar banken sine gebyr på mange av tenestene sine.  Mellom anna går årsprisen på Visa-kort opp frå 250 til 275 kroner. Uttak i deira eigne minibankar har vore gratis, men skal no koste sju kroner. Telebank har også vore gratis, men skal koste to kroner per oppringing. Utsending av papirfaktura på Mastercard går frå 25 til 30 kroner.

– Er du førebudd på at de kan få pes for desse gebyrauka?

– Vi ser at mange har endra åtferda ved å ta i bruk nye digitale tenester. Men sjølv om vi satsar på sjølvbetente tenester som til dømes Vipps og mobilbank, er moglegheita for å ta ut og bruke kontantar framleis der, gjennom minibank og bank i butikk, forsikrar Klakegg.

Torsdag la Sparebanken Sogn og Fjordane fram sitt første kvartalsresultat i 2017. Rekneskapen syner eit resultat før skatt på 108 millionar kroner, ein auke på 36 millionar frå same kvartal i fjor. På spørsmål om dei ikkje har råd til å la vere å auke gebyra sine, svarar Klakegg dette:

– Banken ønsker å ha rett prising av tenestene vi tilbyr. Auken i gebyra er som følge av auka kostnader med kontanthandtering. Gebyrendringa dekker delar av denne kostnadsauken.

Kontantfritt i 2021

Fleire bankar satsar på digitale betalingstenester, og nordmenn ser ut til å omfamne endringane.

Norstat har gjennomført ei spørjeundersøking blant 1000 nordmenn på oppdrag for NHO reiseliv. Den syner at dei som svarte at dei berre brukar kort, har auka frå 30 prosent i 2015 til 37 prosent i 2016.

Forbundsleiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, meiner det er svært få grunnar igjen til ikkje å krevje elektronisk betaling for varer og tenester.

– For oss er det å kunne velje vekk kontantar viktig for å synleggjere kven som vil operere kvitt. For Fellesforbundet er dette viktig innanfor reiselivet, men det er også andre bransjar kor dette vil vere eit effektivt middel mot svart arbeid og svart betaling, seier han.

Pliktar å ta imot kontantar

I rapporten «Norge blir kontantfritt», som professor Kai A. Olsen har laga på oppdrag for NHO Reiseliv, går det fram at nordmenn har kome langt i å bruke mobilbetaling.

Nær 70 prosent av dei spurde seier at dei har teke i bruk eller planlegg å ta i bruk ei slik løysing. I den yngste gruppa, frå 18 til 29 år, svarar ni av ti det same.

Rapporten spår at Norge vil vere kontantfritt i 2021. I dag pliktar bedrifter å ta imot kontantar.

– Norge går mot eit kontantfritt samfunn anten vi vil eller ikkje. No blir det viktig at myndigheitene styrer Norge inn i ei digital verd slik at vi får sikre, effektive og digitale betalingsløysingar. Ved å fjerne kontantplikta vil Norge tilpasse seg den digitale tidsalderen og gjere kvardagen tryggare for dei tilsette i reiselivet og for innbyggjarane våre, seier Kristin Krohn Devold, direktør for NHO Reiseliv.

Kommentarer til denne saken