Spanande batteri-framtid

SVELGEN-BATTERI: 20 prosent av alt elektronisk utstyr i heile verda inneheld litt Silisium frå Svelgen. No ser både prosessingeniør Jarl Flatøy og produksjonssjef på Silgrain Vidar Haugland ei lysande framtid med silisium som materiale i nye lithium-ion batteria. Batteria vil få betydeleg lengre levetid, og ikkje minst sikre Elkem Bremanger og Silgrain ein god marknadsposisjon for framtida. Foto: Anita M. I.

Artikkelen er over 6 år gammel

Silgrain ved Elkem Bremanger er med i framtidas store batteri-utvikling. Ein forventar ei dobling av dagens batterikapasitet.

DEL

Utviklinga på batteri-fronten har gått stille for seg dei seinaste 30 åra, der lithium-ion batteri med karbon har vore marknadsleiande. Men no ser vi ny teknologi med Silgrain e-Si frå Svelgen, i framtidas batteri, til bruk elektronikkbransjen og til elbilar.

- Vi har arbeidd med produktet i fire-fem år allereie, og samarbeider med det japanske selskapet AIST. Det er dei som lagar sjølve batteria og testar dei. Dei har fått fine resultat som viser at kapasiteten på batteria vert større med Silgrain frå Svelgen. Batteriet har lengre levetid, og tida mellom kvar lading er lenger, fortel prosessingeniør Jarl Flatøy.

Til samanlikning må ein lade batteriet til ein smarttelefon med stor skjerm kvar natt, medan ein med eit silisium-lithium batteri berre treng lade kvar fjerde natt. Dagens lithium-ion batteri har karbon i seg. Med silisium (Silgrain e-Si) som komponent vil ein forbetre kapasiteten mykje.

I teorien vil ein med å erstatte grafitt i lithium-ion batteria med Silgrain, gjere ein av prosessane inne i batteriet opp til ti gongar så effektiv. Dette vil bety alt for utviklinga av elbilar i framtida. Ambisjonen er å lage eit batteri på storleik med ein bensintank, slik at ein kan køyre like langt med elektrisk kraft som med ein tank bensin. Vi meiner at batteriteknologien vil bli stor i framtida, noko som er bakgrunnen for at Elkem Bremanger satsar mykje på dette området, seier produksjonssjef på Silgrain Vidar Haugland.

Artikkeltags