Sjå kven som skal på Sommarrevy i helga

SNART KLARE: Denne gjengen skal skape god stemning i teltet i helga.

SNART KLARE: Denne gjengen skal skape god stemning i teltet i helga. Foto:

FLORØ: Firdaposten var nedom teltet for ein forsmak på årets sommarrevy. Det ser bra ut.

DEL

– Første gjennomgang er slik den pleier å vere. Det går litt over stokk og stein, men det ser bra ut dette, seier Per Øyvind Helle frå scena i revyteltet. Når publikum kjem rekande til teltet på torsdag skal alt sitte. Både band, overgangar og sketsjar. Firdaposten kan stadfeste at dette ser bra ut. Ina Breivik verkar å vere i bra slag, og den nye mannen frå Hønefossrevyen, Morten Grøtnes, har med seg eit par nummer som nok kjem til å gå heim hos publikum også her i vest.

Firdaposten har hatt ein konkurranse gåande, der fire heldige vinnarar kunne vinne kvar sin billett til fredagsførestillinga.

For å vinne måtte dei svare på to spørsmål. Det eine var kven som var henta inn som eksterne hjelparar på scena i denne utgåva av Sommarrevyen. Rett svar her var sjølvsagt Ina Breivik og Morten Grøtnes. Det visste dei fleste.

I tillegg lurte vi på kor lenge Florarevyen har heldt det gåande, og her visste alle at dei feira 20-års jubileum i år.

Dei heldige vinnarane er:

  • Kristoffer Orheim
  • Arny Bjørvik
  • Sandra Nekkøy
  • Anne Britt Bjørnseth

Firdaposten vil kontakte vinnarane torsdag for å sørge for at dei får billettane sine i tide.

SPARKAR I FRÅ: Per Øyvind Helle og Ina Breivik øvar inn nummer til Sommarrevyen

SPARKAR I FRÅ: Per Øyvind Helle og Ina Breivik øvar inn nummer til Sommarrevyen Foto:


Artikkeltags