"Som ein andre pappa for meg"

Kine Bortheim Jentoft spelar dottera til Trond Espen Seim i "Dukken i taket", ein langspelefilm som blir ferdig innspelt i desse dagar.

Kine Bortheim Jentoft spelar dottera til Trond Espen Seim i "Dukken i taket", ein langspelefilm som blir ferdig innspelt i desse dagar.

Artikkelen er over 4 år gammel

Det seier Kine Bortheim Jentoft om Trond Espen Seim etter innspelinga av «Dukken i taket».

DEL

- Det er framleis uverkeleg for meg at eg faktisk har vore med i denne filmen. Det er så langt unna kvardagen min, seier den 18 år gamle jenta frå Florø.

Ho var ferdig med innspelinga for eit par dagar sidan.

Innspelinga har stort sett gått for seg i Fjærland, med taking av nokre få scener i Sogndal i tillegg.

- Det var veldig kjekt. Eg blei tatt godt imot av alle. Sjølv om dei er proffe skodespelarar og filmfolk, så er dei vanlege menneske.

- Er Trond Espen Seim like sexy i verkelegheita som på lerretet?

- Før vi begynte innspelinga, var eg redd for at eg skulle synest nettopp det. Han speler faren min i filmen. Det følest som om han er blitt ein farsfigur for meg, så det blir litt feil å kalle han sexy. Men «hansom», det er han.

Svart Ambjørnsen

Filmen er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok med same namn. Forfattaren har sjølv sagt at dette er det svartaste han nokosinne har skrive. "Dukken i taket" blir ein mørk film. Psykologisk drama, er merkelappen produsentane har sett på filmen.

Filmen handlar om hevn. Rebekka vil hevne søstera som tok sjølvmord etter opplevingar i barndommen som ho aldri kom over. Rebekka oppsøkjer han som er skuld i ugjerningane, ho bestemmer seg for å øydeleggje livet hans og ta ifrå han alt han har.

- Psykologisk drama vil seie at det skjer noko oppe i hovudet til ein person. Etter kvart vil sjåarane forstå at Rebekka ikkje er heilt frisk, at ho ser ting som ikkje er der. Det skaper ei skummel stemning i filmen.

Neste post: Garden

Folk i Flora kjenner Kine Bortheim Jentoft frå ei lita rolle i Kinnaspelet. At ho skulle gå til spelefilmen i ein alder av 18 år, var litt tilfeldig.

- Mora mi såg ei annonse i avisa om at det skulle vere audition i Førde. Eg fekk fri frå jobb og gjekk. Hadde ikkje mora mi lese avisa den dagen, så hadde det aldri skjedd.

- Eg har alltid hatt lyst til å bli skodespelar, heilt sidan eg var lita.

Ho vurderte å søke seg inn på skodespelarutdanning i London, men ho gjorde ikkje alvor av det. No er det militæret som ventar.

- Eg begynner i garden i januar. Etter det får vi sjå om eg søkjer meg inn på dramaskule ein eller annan stad.

Artikkeltags