Solveig Willis går frå Salmon Group til Pixelwerk

Solveig Willis er nytilsett i Pixelwerk.

Solveig Willis er nytilsett i Pixelwerk. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Når Florø-bedrifta Pixelwerk går frå konsulentselskap til å bli eit rent produktselskap, er Solveig Willis med på laget. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Ho blir ein viktig ressurs når dei skal levere ein skreddarsydd, skybasert totalløysing til havbruksnæringa. Pixelwerk har tidlegare utvikla eit internkontroll-system for Salmon Group, og det er dette systemet dei no skal vidareutvikle og gjere tilgjengeleg for heile næringa. 

– Havbruksnæringa er ein strengt regulert bransje med store krav til registrering, internkontroll og dokumentasjon. No har dei digitalisering i fokus, og dette behovet vil vi møte med eit skreddarsydd verktøy til bransjen. Systemet vil effektivisere og endre måten havbruksnæringa jobbar på, seier dagleg leiar i Pixelwerk, Nicolas Iannone.

Solveig Willis har 30 års erfaring frå oppdrett- og havbruksnæringa. Ho har dei sju siste åra jobba i Salmon Group, ein nettverksorganisasjon for oppdrettsbedrifter, og går frå stillinga som kvalitetsleiar til forretningsutviklar i Pixelwerk.

– Det er veldig spennande å få vere med på dette. Eg har jobba i oppdrettsnæringa sidan 1986, og tar med meg erfaring frå heile næringskjeda til den nye jobben. På den måten kan eg yte god support til både dei som skal utvikle programmet, og dei som skal bruke det, seier Solveig Willis.

– Ho kjenner næringa frå innsida, og veit kva som må til for å skape eit brukarvennleg verktøy. Det er viktig at det passar for både røktaren på merdkanten og leiinga på kontoret, seier Nicolas Iannone.

Pixelwerk har også forsterka utviklarteamet sitt med unik kompetanse. Framover vil de konsentrere seg fullt om produktet for havbruksnæringa. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken