Gå til sidens hovedinnhold

"Solundir" i Afrika

Artikkelen er over 10 år gammel

Ein florøværing fekk eit gjensyn med ein gammal kjenning.

Dagfinn Nordal frå Florø er overstyrmann på "Normand Installer", som for tida har eit oppdrag i Angola i Afrika. Supplyskipet har lagt til ankers i Luba i Ekvatorial Guinea for å gjere seg klar og å vente på utstyr til jobben.

I går, 22. mars, kom endeleg "Beluga Faith" frå Europa med utrustinga. På dekket av lastebåten oppdaga Nordal ein kjent båt, "Solundir", som han har vore passasjer på mange gonger opp gjennom åra.

Ekspressbåten gjekk i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane/Fjord1 si teneste frå 1993 til den vart teken ut av drift i fjor haust. No er båten seld til Gabon i Afrika.