Sig Hansen frå «Deadliest Catch» kjem til Florø!

FLORØ: 26. september besøker verdas mest kjende fiskar Solheim Diesel.

DEL

Norskamerikanaren Sigurd Jonny «Sig» Hansen, som er ein av hovudpersonane i Discoveryserien «Deadliest Catch», har lansert sin eigen regnkle-kolleksjon. Det er bakgrunnen for at han kjem til Solheim Diesel i Florø 26. september, fortel Kurt Hellesen i Solheim Diesel.

– Vi er forhandlar av den kolleksjonen her i Florø. Dette er ikkje typiske oljeklede, meir fritidsregntøy. Men det toler utruleg mykje skit og vatn, dei skal mellom anna nytte desse kleda ombord båten hans i neste sesong, seier Hellesen og legg til:

– Dette er ein mann ganske mange kjenner til, så det er litt spennande at han tek turen til oss. Det er stas, seier Hellesen.

Sig Hansen kjem til Florø i ti-tida, og blir verande i to timar. Då vil det vere høve til å ta ein prat med verdas mest kjende fiskar, høyre nokre av historiene han har å fortelje frå livet på Beringhavet, og så kan ein også kjøpe krabbeagnet han har utvikla.

Artikkeltags