Solheim blei konge av Brandsøyåsen

Bildeserie

BILDER FRÅ ÅSEN OPP 2005

STERK: 12 År gamle Malene Indrebø Langlo vann sin klasse (12 - 19 år) på den sterke tida 21.15.
Artikkelen er over 12 år gammel

FLORØ: Jan Arve Solheim og Norunn Stavø blei konge og dronning av Brandsøyåsen, med kvar sin siger i årets utgåve av Åsen Opp.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Med tida 15.02 var Solheim to fattige sekundar frå å bevise det han hevda i fjor, nemleg at det skal vere råd å springe frå Krokane skule og til topps på Brandsøyåsen på under eit kvarter.

- Eg hadde eit fall på vegen opp, og det var nok årsaka til at 15-minuttarsgrensa ikkje blei broten i år. Men heldigvis fall eg ikkje frå seieren, seier vinnaren, som har vore småsjuk i dagane før løpet.

- Eg har slite med ei forkjøling, men den sleppte heldigvis i tide. Og formen er svært god for tida, seier Solheim.

Fjorårsvinnaren Magnus Sundal kom i mål berre seks sekundar bak Solheim, medan maratonløparen Helge Hafsås ikkje nådde heilt opp denne gongen.

På kvinnesida tok Norunn Stavø sitt andre napp i pokalen, og ho har no vunne kvinneklassa dei to åra løpet har blitt arrangert.

Med heile 86 løparar i konkurranseklassa og 54 i trimklassa, har Åsen Opp berre på to år befesta seg som eit stort arrangement.

- Med endå litt betre marknadsføring har dette løpet eit kjempepotensial. Løypa er flott med sine 280 høgdemetrars stigning, og det heile skjer i fantastiske omgjevnader. Dette har eg tru på vidare, utbasunerte dagens speaker Anders Ole Sunnarvik.

Firdaposten kjem tilbake med meir stoff, resultat og bilder frå Åsen Opp i løpet av helga.

Artikkeltags