Her blir «Pippi» sleppt ut av fjøsen i Soldalen for første gong

Foto/redigering: Merete Husmo Høidal

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ungane i mini-gardsgruppa, altså dei yngste som er innom fritidstilbodet på besøksgarden i Soldalen fast kvar veke, har følgt den vesle geita «Pippi Langstrømpe» sidan ho vart fødd 15. januar i år.

Namnet fekk den vesle geita fordi ho har forskjellige fargar på bakbeina – akkurat som Pippi, som har forskjellige fargar på sokkane sine. Og no på torsdag fekk den viltre killingen sleppe ut på beite for aller første gong.

Det var sjølvsagt minigruppa som fekk æra av dette, i og med at dei har hatt eit ekstra auge til geitekillingen all den tid.

Minigruppa består av Jonathan Liva, Vilde, Alva og Tilde. Ungane har etter kvart blitt flinke gjetarar. For sjølv om kosen er absolutt viktigast, er det å lære om husdyrhald også ein svært sentral del av fritidstilbodet. Dei små gjetarane får arbeidsoppgåver på garden, medan foreldra er med dei som støtte om det trengst.

For nokre av ungane, til dømes Liva, har gjetarlivet gjeve meirsmak. Ho har veldig lyst til å bli veterinær når ho blir stor. Eventuelt luftakrobat.

Artikkeltags