UDI legg ned Solbakken asylmottak

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

NRK fortalde torsdag at asylmottaket på Skei vert lagt ned 1. desember. Det visar seg at også Solbakken står på kuttlista til UDI.

DEL

Det kjem færre asylsøkarar til Norge. Frå 2015 til 2016 har talet blitt redusert med over 27.000. Dette gjer at UDI i dag har stor ledig kapasitet ved mottaka. UDI har difor avgjord at dei skal kvitte seg med 17 mottak. NRK melde torsdag at to av dei er på Vestlandet. Skei, og på Hå på Jæren. No visar det seg at også Solbakken asylmottak i Florø står på kuttlista.

Styreleiar i KF Innvandrarsenteret, Ronny Cassells, stadfestar at det er riktig. Asylmottaket i Florø står på kuttlista til UDI. Han kallar vedtaket for fullstendig meiningslaust.

– Vi har det billigaste anbodet, den lengste kontinuiteten, og dei beste resultata. Vi får heile tida besøk av andre kommunar som vil lære av oss. Det er for oss eit mysterium det som skjer no.

Solbakken asylmottak har lenge vore noko av eit flaggskip for Flora kommune. Dei kan vise til gode resultat, har gjett pengar i kommunekassa, og arbeid til folk. Dei har også vore noko av eit førebilde for andre kommunar. Cassells tek gjerne fram skrytelista.

– Vi har satsa mykje og lenge, og faktisk busett 1500 flyktningar totalt. Det er sterkt for ein kommune med 12.000 innbyggarar. Dei fleste gode nasjonale tiltak for å betre flyktningebusetjinga, har vi i Florø vert først med. Vi har hatt statsrådar på nær sagt årlege besøk. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utpeika oss og gjeve oss støtte i å vere eit kompetansesenter for flykningebusetjing. Vi har siste åra bygd opp ein forskings, og kompetanseavdeling, for å ha fleire bein å stå på no når busettinga går ned. Vi har drive flykningebusetjing i 30 år, og kommunalt flyktningmottak i 25 år. Frå 2002 har vi integrert drifta i eit kommunalt føretak. Vi har veldig gode resultat, langt over landssnittet på integreringsarbeidet.

Solbakken har ein fast avtale med UDI om 130 plassar på mottaket. Dei har 3 månaders oppseiing. Det kan bety at Solbakken blir lagt ned frå og med 1 desember. Om ikkje det er mogleg å endre vedtaket. Cassells er klar på at dette vedtaket er bortanfor all fornuft, og er klar for å jobbe for å få det reversert. Han har eit bodskap til folk i Flora:

– Den som har tenkt å stemme Høgre eller Framstegspartiet, og bor i Flora ved dette valet, må tenke seg nøye om.

Ordførar Ola Teigen ville ikkje kommentere saka torsdag kveld.

Firdaposten kjem tilbake med meir.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken