Rotevatn meiner at vedtaket er i strid med Stortingets føringar

Sveinung Rotevatn er klar til å brette opp ermene og slåss for Solbakken asylmottak.

Sveinung Rotevatn er klar til å brette opp ermene og slåss for Solbakken asylmottak.

Artikkelen er over 3 år gammel

Sveinung Rotevatn (V) trur det er mogleg å redde Solbakken asylmottak. No ber han det politiske miljøet i Flora stå opp og kjempe saman for at det skal skje.

DEL

Spekulasjonane har vore mange etter at UDI sette Solbakken asylmottak på kuttlista. Kvifor akkurat Florø? Sveinung Rotevatn sit på Stortinget for Venstre. Han trur ikkje det ligg nokon intrikat konspirasjon bak vedtaket. Han trur det er byråkratane i UDI som berre har sett på tala, og ikkje har tenkt seg godt nok om. Derfor trur han også at det er godt håp om å få gjort om vedtaket.

– Dette er ikkje politisk behandla. Det har ikkje vore politikarar involvert i prosessen, det eg veit. Eg trur det er ein rein administrativ feilvurdering. No gjeld det å få statsråden på bana. Eg kjem til å stille spørsmål til regjeringa allereie på måndag om kva som er årsaka til at Florø står på lista.

– Verken mottaksleiar Bente Nygård, eller dagleg leiar ved KF Innvandrarsenteret, Arild Melvær, hadde særleg håp om at det var mogleg å snu dette, men du trur det lar seg gjere?

– Vedtaket er i strid med Stortingets føringar. Stortinget har sagt at kommunale mottak skal prioriterast. Det gjeld både ved oppstart, og nedlegging. No er det ikkje eit einaste kommunalt mottak igjen i region vest. Det går i mot alle politiske signal. Det har tvert i mot vore eit ønske om å gjere modellen dykk har hatt i Florø til ein nasjonal modell. Resten av landet kan lære av Florø, men det er ingenting å lære av eit tomt mottak. Får vi kasta lys på dette, er det mogleg å snu det.

Rotevatn trur resignasjonen kan vere eit resultat av alle dei kampane Flora har tapt tidlegare. Han minner om at dette er ein ny kamp. At man har tapt nokre slag tidlegare betyr ikkje at man ikkje kan vinne det neste.

– Dei må ikkje gje opp. Ikkje berre legge seg ned og tenke at slik er det. Heile det politiske miljøet i Flora må no stå samla, og bruke sine kanalar. Dette er politikk, og politikk kan endrast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken