Er det ideologi som er årsaka?

Vibeke Johnsen (SV) meinar UDI tek for lite hensyn til kvalitet når dei vel å legge ned på Solbakken

Vibeke Johnsen (SV) meinar UDI tek for lite hensyn til kvalitet når dei vel å legge ned på Solbakken Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Solbakken asylmottak er eit av dei få mottaka som har ein kommunal driftsmodell. Er det årsaka til at dei hamna på kuttlista?

DEL

– Denne regjeringa ønsker jo at det skal vere profitt på velferd. Dei synest det er heilt fint. Det er i alle høve mogleg å stille spørsmålet, seier SVs stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, Vibeke Johnsen, når Firdaposten ber ho spekulere i om det kan vere nettopp i ideologi som er årsaka til at Solbakken asylmottak er på kuttlista til UDI, medan til dømes asylmottaket i Førde består. Ho synest det er helt feil å legge ned i Florø.

– Regelverket opnar for å vurdere både pris og kvalitet i anbodsprosessane. Så vidt vi kan sjå har dei berre vurdert pris når dei no har valt kva for mottak som skal leggast ned. At det ikkje har vore nokon form for kvalitetsvurdering meiner eg blir heilt feil.

Det blei oppretta mange nye asylmottak når talet på asylsøkarar auka kraftig for nokre år sida. Det kom over 31.000 i 2015. I fjor kom det berre 3460. Det er klart at kapasiteten må takast ned, men Johnsen skjønar ikkje kvifor ein vel å legge ned eit velfungerande mottak der ein har 25 års erfaring, og gode resultat å vise til.

– Det at man har sett alt i samanheng har vore suksessen i Florø. Der er mottak, norskopplæring og inkludering samla, og man spelar på lag med heile kommunen. Handballen og frivillige organisasjonar. Du mister nokon store kvalitetar her. Vi veit at der ein har god inkludering, der blir asylsøkarane buande. Det er viktig for kommunen, og det er viktig for fylket. At ein ikkje tek omsyn til kvalitet vil gje dårlegare busetting.

Johnsen meiner at Flora kommune har kommen særs dårleg ut av sentraliseringsprosessane denne regjeringa har gjennomført.

– Flora har blitt hardast råka av sentraliseringa dei siste fire åra, og no kjem dette på toppen. Eg meiner ein må sjå arbeidsplassar litt i samanheng og sørge for at ikkje eit enkelt lokalsamfunn blir særs hardt ramma. Dette er eit hardt slag mot Flora. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken