Steile frontar på UDI-møtet

Provosert: Rådmann Terje Heggheim var tydeleg overfor UDI-direktøren om kva han meinte. T.v. Jacob Nødseth og . Foto: DEA

Provosert: Rådmann Terje Heggheim var tydeleg overfor UDI-direktøren om kva han meinte. T.v. Jacob Nødseth og . Foto: DEA

Artikkelen er over 1 år gammel

Oppklaringsmøtet med UDI om nedlegginga av Solbakken var alt anna enn oppklarande.

DEL

– Når eg ser på notata mine frå dette møtet, skjønar eg ikkje kva kriteria dykkar for å legge ned Solbakken er. Eg håpte å gå herfrå litt klokare, men må konstatere at så ikkje skjer.

Det sa ein tydeleg irritert Jacob Nødseth (Samlingslista) ganske så treffande etter det to timar lange oppklaringsmøtet med UDI på Quality hotel onsdag. Det same inntrykket sat resten av delegasjonen frå Flora kommune og Solbakken asylmottak att med.

LES OGSÅ: Førde mottak ligg i nærleiken av sjukehus. Solbakken gjer det ikkje. Dermed består mottaket i Førde.

– Forstår reaksjonane

Møtet byrja med ei orientering frå regiondirektør Stig Arne Thune om kvifor UDI hadde måtte kutte i talet asylmottak. Men noko veldig konkrete svar på kvifor akkurat Solbakken, kom han ikkje med. Men han streka under at han forstod reaksjonane til kommunen, dei tilsette og brukarane.

Det var først då styreleiar Ronny Cassells i KF Innvandrarsenteret tok opp argumentet med beredskap og nærleiken til sjukehus, som er ein av grunnane til at UDI valde å halde på fleire av dei attverande mottaka, at den store elefanten i rommet først kom på bordet.

– Eg er også leiar i Legeforeningen i Sogn og Fjordane. Eg har brukt 25 år på å spesialisere meg i beredskap. Og eg kan seie, ut frå mi erfaring, at er det noko Flora er god på, så er det beredskap. Den kommunale helseberedskapen i full breidde, er betre enn den sentrale i nærleiken av eit sjukehus. Og det har eg Legeforeningen med meg på, poengterte Cassells.

Både ordførar Ola Teigen og leiar Arild Melvær ved FK innvandrarsenteret løfta fram mottaket sin status som mentor og føregangsdøme for andre mottak, og alle som meiner det er uforståeleg at det var akkurat Solbakken som måtte avviklast.

Eg treng ikkje undervisning i juss. Og vi har stor fokus på kommunal sektor i denne prosessen.

Stig Arne Thune, UDI-direktør

Vart ikkje involvert

Ein svært tydeleg rådmann Terje Heggheim følgde opp med å streke under at han ikkje heilt klarte få tak i kvifor Solbakken ikkje er rekna som god nok i UDI sine augo. Og han var langt frå imponert over korleis prosessen har vore.

– Vi reagerer kraftig på vedtaket, og på at de over hovudet ikkje har teke kontakt med kommunen i forkant. Slik eg les Statleg utgreiingsinstruks, skal de som eit statleg organ ha ei høyringsrunde med dei som blir råka før de går til slike skritt. Dette vil eg følge opp, sa han og la til:

– Mars 2016 kom signala om at ein måtte byrje bygge ned kapasiteten, på grunn av fallet i ankomster. Så ikkje kom her og sei at de ikkje har hatt nok tid til å snakke med oss.

Litt seinare la han til:

– Når UDI vil opprette mottak, har UDI folkemøte med politikarar og operatørar i forkant, men når de legg ned, får vi ikkje vite noko før vedtaket er fatta. Eg fekk ein halv times varsel før nyheita sprang i media.

Ordføraren følgde opp med å vise til stortingets innstilling om å i størst mogleg grad ta vare på dei kommunale mottaka.

– Dei seier de ser på balansen nasjonalt, og at den totale delen av kommunale mottak som er att er att er aukande. Men slik eg les innstillinga til Stortinget er det ikkje snakk om nasjonal balanse, men om regional balanse. Og no har de fjerna dei to siste kommunale mottaka i region vest.

Jacob Nødseth kalla UDI sitt vedtak «umusikalsk».

– Det er tverrpolitisk og tverrfagleg umusikalsk av UDI å gjere eit slikt vedtak med utgangspunkt i nasjonal balanse. No sit de her og gjentek kor viktige og dyktige vi er, men likevel vart vi ikkje involvert før vedtaket vart fatta. Det er merkeleg at de ikkje tek inn over dykk at involvering gjer vedtaket legitimitet.

(Artikkelen held fram under bildet.)

UDI-direktør Stig Arne Thune, med Ronny Cassells i forgrunnen.

UDI-direktør Stig Arne Thune, med Ronny Cassells i forgrunnen. Foto:

Klare svar?

– Eg treng ikkje undervisning i juss. Og vi har stor fokus på kommunal sektor i denne prosessen, svara UDI-direktøren, og heldt fram:

– Ein skal også vere forsiktig med å komme med eigenbetraktningar om eins eigen kompetanse sett opp mot andre kommunar. Det er ingen tvil om at mottaket i Florø har gjort ein utruleg innsats i alle år. Førde og Sogndal har også ein god kommunelege. Det er gode driftskommunar att. Det betyr ikkje at Florø ikkje gjer ein god jobb. Men vi har sett på mange kriterium, frå tilsynsrapportar til fordelinga private, kommunale og ideelle mottak, og no er det så få variablar att at vi ser alle mottaka nasjonalt under eitt, sa Thune.

Men på spørsmål om kva konkrete vurderingar som ligg bak vedtaket om å legge ned Solbakken, svara han følgande:

– Når det gjeld oppretthaldinga av mottaket i Sogndal, er ein faktor at dei har ei dyktig kvinnehelsegruppe. Førde kommune har vore ein forbilledleg vertskommune med lang erfaring med tre mottak.

Thune held fram:

– Det er ei kjensgjerning at kommunane har avgrensingar med tanke på å rast bygge opp kapasiteten på mottaket, samanlikna med private aktørar. I eit beredskapsperspektiv bygde både (dei private aktørane, journ. anm.) Hero og Lopex voldsomt raskt opp under flyktningkrisa, sa Thune.

– Kva veit de om vår evne til å bygge opp?, repliserte Ola Teigen.

Under flyktningkrisa i 2015, stilte mottaket med 60 ekstra plassar. Det vart og opna for å losjere inn fleire på sjukehuset, sa Teigen og la til:

– Og a propos «å vere forsiktige med å samanlikne oss med andre», det blir feil å samanlikne ein kommunal og privat aktør. Ein privat aktør tek utbytte rett i lomma til eigarane, medan utbyttet vårt går til integrering og arbeid i mottaket.

Artikkeltags