– Det menneskelege aspektet forsvinn

Ronny Cassells og Arild Melvær er skuffa over at UDI seier opp avtala med Solbakken asylmottak

Ronny Cassells og Arild Melvær er skuffa over at UDI seier opp avtala med Solbakken asylmottak Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Åtte tilsette mister jobben, og over 100 asylsøkarar blir flytta når Solbakken asylmottak blir lagt ned.

DEL

Stemninga blant dei tilsette på Innvandrarsenteret var ei blanding av sjokk, vantru og resignasjon fredag føremiddag. At styresmaktene vel å legge ned Solbakken asylmottak er framleis vanskeleg å forstå, eit halvt døgn etter at dei fekk nyheita. Solbakken har vore ei solskinshistorie heilt frå dei første tamilane kom til byen, og gjekk rett inn i arbeid i fiskeindustrien. Lokalsamfunnet har i stor grad slutta opp om asylmottaket. Det har vore lite gnissingar, og minimalt med kriminalitet knytt til asylsøkarane. Dagleg leiar i Innvandrarsenteret, Arild Melvær, fortel at det sjølvsagt har vore episodar i løpet av dei 25 åra med drift, men ikkje noko alvorleg.

– Det har vel vore tre straffesaker på desse nesten 25 åra. To av dei handla om trygdesvindel der dei involverte jobba svart, utan å melde det, og då skulle dei ha betalt husleige. Den tredje var ein notorisk lommetjuv som stal frå medbuarar, tilsette og rundt i butikkane.

– Det er langt meir problem med urinnvånarane enn det har vore med asylsøkarane om ein ser slik på det, legg styreleiar Ronny Cassells til. Men no er sola i ferd med å gå ned over den historia. UDI seier opp avtala med asylmottaket med 3 månaders varsel. 1 desember vil det ikkje lenger vere aktivitet på Solbakken. Melvær er på dette stadiet mest opptatt av å ta vare på dei tilsette.

– Det er åtte tilsette som vert direkte ramma i første omgang. Som arbeidsgjevar må vi prøve å skaffe dei alternative jobbar. Her har vi ikkje arbeidsoppgåver til dei, men vi må sjå om det kan vere opningar andre stader i kommunen. Det trur eg nok skal la seg ordne.

I Flora er det Innvandrarsenteret som har hovudansvaret for mottak av flyktningar/innvandrarar. Innvandrarsenteret er eit kommunalt føretak, som er delt inn i tre avdelingar: Solbakken asylmottak, Integreringsavdelinga og Vaksenopplæringa, som alle har kvar sine ansvarsområde. Det er denne modellen som har vore nøkkelen til at kommunen har vore løfta fram som ei føregangskommune. Her kjem kommunen tidleg inn i integreringsprosessen. At asylmottaket no blir borte vil gjere busettinga vanskelegare.

– Vi er som eit bord med tre bein, seier Cassells. No blir det eine beinet borte, og då blir det vanskeleg å balansere, men Innvandrarsenteret består, med same føremål og same ambisjonsnivå, sjølv om det blir krevjande å bevare fagmiljøet.

For politikarane i Bystyret vil nok spørsmålet om kva ein skal gjere med bygningsmassen fort melde seg. Asylmottaket disponerer i dag seks hus på Solbakken. Fire leiligheitar i Havikbotn, samt leiligheitar også i Skridsholsgate og Bekkefaret. Om få veker skulle det dessutan ha vore snorklipping for eit nytt driftsbygg på 300 kvadrat som var meint å huse helsesøstrer, miljøarbeidarar og rettleiarar. Denne er no utsett på ubestemt tid.

I skrivande stund er det 108 bebuarar på Solbakken Asylmottak, fleire av dei har flytta frå mottak til mottak, både to-tre og fleire gonger. No må dei førebu seg på å flytte igjen. Cassells er oppgitt.

– UDI bryr seg ikkje om asylsøkarane. Det menneskelege forsvinn her. Dei blir behandla som pakkepost. Det faglige tel ikkje. Alt som betyr noko er penger.

Tallet på asylsøkarar har sunket kraftig sida 2015, det er difor UDI no tek ned kapasiteten. Det er forståeleg. Cassells er likevel bekymra for at dei no svekkar beredskapen for mykje.

– Er det ein ting som er sikkert her i verda er det at krigar oppstår, og menneske blir drevne på flukt. Talet på asylsøkarar svinger, uansett kva vi gjer her i Norge. Dei kjem til å stige igjen. Då må vi ha ein viss beredskap. Eg trur det blir dyrare på sikt om vi heile tida skal rive opp fagmiljø og kompetanse når det kjem færre, for så å bygge den opp att når tala økar på igjen.

Men er alt håp ute? Er det mogleg å kjempe for å omgjere vedtaket? Melvær tror toget har gått.

– Eg trur ikkje UDI snur, og har vanskeleg for å tru at politikarane kjem til å gå inn og overstyre direktørane i UDI. Eg trur ikkje dette lar seg snu.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken