Solbakken kan vere redda

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Frida Melvær meiner det er godt håp om at vedtaket blir omgjort i løpet av dagen.

DEL

Mottaksleiaren hadde ikkje trua. Oppklaringsmøtet med UDI var ikkje egna til å skape optimisme. Statsråden svarte ikkje på spørsmålet. Er alt håp ute for Solbakken asylmottak? Nei, meiner Høgres stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, Frida Melvær. Ho meiner å ha fått positive signal om at asylmottaket i Florø kan reddast.

– Vi har jobba knallhardt politisk, heilt frå nyheita om Solbakken kom ut. Vi tok kontakt med våre folk sentralt, både i partiapparatet og i regjeringsapparatet. Der har vi argumentert fagleg om kor viktig den kompetansen Solbakken har opparbeida er, ikkje berre for Florø, men for heile fylket.

– Korleis har responsen vore?

– Eg har fått positive signal om at Solbakken skal bestå.

Frida Melvær seier at det vil bli tatt ein avgjerd om dette i løpet av fredagen. Om det visar seg at vedtaket om å legge ned asylmottaket i Florø blir reversert, kjem det garantert til å bli ein god helg, både i kystbyen og trivselsfylket. Vi følger sjølvsagt saka.

LES MEIR: UDI legg ned Solbakken asylmottak

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken