– Solbakken er redda

Artikkelen er over 3 år gammel

Floraordførar Ola Teigen (Ap) skryt av jobben Høgre lokalt har gjort.

DEL

- Eg har akkurat sendt gratulasjon til Hanne (Husebø Kristensen) og Frida (Melvær) for den jobben dei har gjort inn mot Høgre sentralt for å ha gjort om på dette vedtaket, seier floraordførar Ola Teigen.

Han fekk i dag telefon i frå UDI der dei fortel asylmottaket på Solbakken ikkje blir lagt ned likevel. Dei kunne fortelle at det var på bakgrunn av at florøsamfunnet har tapt mange offentlege arbeidsplassar på kort tid som låg til grunn for at dei no valde å la Solbakken bestå som asylmottak.

Det har vore gjort ein kjempejobb av Høgre lokalt, og den rosen fortener dei uavhengig av at vi er midt i ein valkamp

Ordførar i Flora kommune, Ola Teigen (Ap)

UDI var relativt tydelege overfor Flora kommune etter at vedtaket kom sist fredag at dette var ei endeleg avgjerd. Til og med mottaksleiar Bente Nygård, hadde ikkje noko tru på at mottaket ville bestå etter at UDI hadde sagt sitt. Dermed har regjeringa gripe inn og instruert direktoratet. Dei tydelege signala meiner Teigen kjem frå lokale høgrepolitikarar.

Til NRK Sogn og Fjordane seier UDI sin regiondirektør Stig Arne Thune at dei stiller seg lojalt bak den politiske instruksen frå regjeringa, 

– Dette er ei politisk avgjerd, og det held vi oss lojalt til, seier han. På spørsmål om at avgjerda fører til at andre mottak blir lagt ned i staden, svarar han: – Det kan kanskje skje i neste omgang med nedleggingar, men i første omgang følgjer vi opp denne instruksen frå regjeringa, seier Thune.

- Det er tydeleg at dette er ei politisk avgjerdsle som kjem i frå høgste hald i regjeringa, seier Ola Teigen som er raus overfor måten Høgre har jobba i denne saka.

- Du er midt i ein valkamp og skryt av Høgre, finn du det vanskeleg?

- Nei det gjer eg verkleleg ikkje. Det har vore gjort ein kjempejobb av Høgre her, og den rosen fortener dei. At det er valkamp har kanskje ført til at vi fekk god kraft i saka, så i dag er eg berre ein glad og nøgd floraordførar, svarar Teigen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken