Fotgjengar hoppa på panseret til Ragnhild (23)

SOGNDAL: Fredag kveld stoppa Ragnhild for fotgjengarar i Sogndal sentrum. Ein av dei hoppa på panseret hennar som takk.

DEL

– Det var to gutar og ei jente. Mellom atten og tjue år trur eg. Dei sto på fortauet på den sida der Skysstasjonen er, og eg stoppa for å sleppe dei over gata.

Det fortel Ragnhild Bakke. Den 23 år gamle vernepleiarstudenten frå Florø køyrde gjennom sentrum i Sogndal ved 22-tida fredag kveld, samen med ei venninne, då det skjedde.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka

Trudde han tulla

Då ho stoppa for å sleppe fotgjengarane over vegen tok den eine av gutane springfart og hoppa opp på panseret på bilen til Ragnhild.

– Vi trudde han tulla, men han gjorde ikkje det. Han hoppa opp på panseret, og så stod han der litt før han hoppa ned igjen, falt, reiste seg igjen, sprang over vegen og inn i ein hekk. Dei to som var saman med han gjekk berre vidare, medan dei heldt seg for munnen og lo av det som skjedde.

Ragnhild fortel at både ho sjølv og venninna knapt trudde det dei såg, og ikkje rakk å reagere før det var for seint.

– Vi blei heilt mållause. Vi burde kanskje ha sprunge etter han, men han forsvann så fort.

Finn nesten ikkje ord

Då dei kom heim oppdaga dei at stuntet frå guten hadde laga fleire bulkar i panseret. Då køyrde dei tilbake til sentrum for å sjå om dei kunne finne han som gjorde det, men dei hadde ikkje hellet med seg. Dagen etter publiserte Ragnhild eit ganske sint innlegg på ei Facebook-gruppe i Sogndal-området. Ho håpar at den som gjorde det les det og melder seg, eller at nokon som veit kven det er står fram. For det var fleire som såg kva som skjedde.

FOTSPOR: Det er fotspor etter hendinga, i tillegg til bulkar i panseret.

FOTSPOR: Det er fotspor etter hendinga, i tillegg til bulkar i panseret. Foto:

– Eg veit at det var fleire som var vitne til det. Både dei på Vågal, og andre bilar som kom bak oss. Kanskje eg kan nå fram til dei to andre, eller nokon som veit kven det er. Eller kanskje han som gjorde det får dårleg samvit og melder seg slik at ho slepp å betale for å rette opp bulkane i panseret sjølv.

Ragnhild fortel at dei prøvde å kontakte ein politipatrulje dei såg ved å blinke med lysa, men då det ikkje lukkast ville ho ikkje bry politiet med ein slik lita sak. Men sjølv om det ikkje er nokon stor sak har den gjort inntrykk.

– Det er nesten så eg mistar litt trua på menneska når folk kan få seg til å gjere slikt. Eg finn nesten ikkje ord, ler Ragnhild oppgitt.

Artikkeltags