Aktor la fram påstand om tre års fengsel

Aktor Magnus Engh Juel hadde justert sin påstand om straff til 3,6 millionar kroner, men var likevel klar på at tiltalte må sone ei lang fengselsstraff. Her saman med forsvarar Stig Nybø (t.h.).

Aktor Magnus Engh Juel hadde justert sin påstand om straff til 3,6 millionar kroner, men var likevel klar på at tiltalte må sone ei lang fengselsstraff. Her saman med forsvarar Stig Nybø (t.h.). Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

RETTSSAK: Aktor la fram påstand om tre års fengsel for grov økonomisk utruskap.

DEL

I siste rettsdag i saka mot den tidlegare fylkestoppen la aktor Magnus Engh Juel fram påstand om fengsel i tre år for grov økonomisk utruskap.

Den tidlegare tilsette i fylkeskommunen stod tiltalt for å ha kjøpt inn utstyr av ulikt slag til ein verdi av 3,7 millionar kroner med fylkeskommunale midlar. Dette utstyret inkluderer gjenstandar politiet rekna som irrelevant for tiltalte sitt ansvarsområde i fylkeskommunen. Dette er gjenstandar som champagnekjølarar, gåvekort, kamerautstyr og mykje meir, det skriv Firda.

– Ingen hadde oversikt

I sin prosedyre stilte aktor spørsmål ved fleire delar av tiltalte si forklaring i retten. Aktor lista opp fleire vitne som hadde sagt i retten at innkjøpa som tiltalte hadde gjort, ikkje hadde noko relevans for hans rolle i fylkeskommunen.

– Kven hadde oversikt? Ingen hadde oversikt! Sjølv tiltalte har ikkje oversikt, sa aktor og sikta til det store beslaget som er gjort i saka og som påtalemyndigheitene meiner er irrelevante.

Sjå bilda: Her er beslaget som gjer at tiltalen er på 3,7 millionar kroner

– Han visste kva han gjorde

Aktor sa at tiltalte si kone, så vel som fleire av hans kollegaer og kjenningar, hadde blitt ført bak lyset av han i fleire år.

– Kvifor gjer han det? Jo, han veit at det han gjer ikkje er greitt.

Aktor sa også at det var lite truleg at tiltalte ikkje visste at det han gjorde var utanfor hans ansvarsområde.

– Tiltalte har hatt lang fartstid i fylkeskommunen, han veit gjennom stigen han har klatra korleis systemet er. Han har brukt sin karriere i dette systemet, sa Engh Juel.

– Det gir ikkje meining rett og slett.

Sløste med offentlege midlar

Aktor sa avslutningsvis at han syntest tiltalte si forklaring var oppkonstruert og lite truverdig.

– Det straffbare forholdet står fram som planmessig, utspekulert og vel gjennomtenkt av tiltalte. Det er skjerpande at tiltalte forvaltar offentlege midlar og har valt å bruke det på dronar, champagnekjølarar og røykmaskiner – sløsing med offentlege midlar. Dette fører igjen til at ein ikkje kan bruke desse midlane til andre ting, sa aktor.

– Ei passande straff vil vere ein stad rundt tre år, sa aktor til retten.

Fylkeskommunen har tidlegare i saka kravd ei erstatning på opp til fire millionar kroner, som også blir høgare dersom dei må betale tilbake moms som dei har fått fritak for.

– Som venta

Tiltalte sin forsvarar, Stig Nybø, seier at dei ikkje er overraska over påstandane frå aktor.

– Det var som venta. Vi hadde som mål å ikkje bli overraska over noko i rettssaka og slik har det vore, seier Nybø til Firda.

Han ønskjer ikkje å førehandsprosedere sin påstand i skuldspørsmålet i media, men etter det Firda erfarer vil påstanden bli ein vesentleg kortare fengselsdom utan vilkår.

– Han kan ikkje bli dømd for meir enn det han har erkjent straffskuld for, seier Nybø.

Forsvararen legg fram sin påstand i løpet av tysdag ettermiddag.

Artikkeltags