Skal ha banka på dører og ruter og kledd seg naken. No er mannen tiltalt.

DEL

Ein mann frå Sunnfjord står i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for ei heil rekke brotsverk som strekkjer seg frå narko til blotting og nasking gjennom store deler av 2017.

Han vart først på året pågripen av politiet med 0,47 gram på seg. Berre dagar etter vart han teken med 3,7 gram hasj. Under ei ransaking av bustaden hans i etterkant av pågripinga, fann politiet 14,9 gram til. Seinare på året vart han dessutan pågripen med eit glass med 90 tablettar Rivotril.

Han står også tiltalt for nasking og tjuveri frå to butikkar, mellom anna skal han ha teke to sett øyredobbar og eit smykke. Han skal også ha stole eit par briller og ein kniv frå ein bil.

Mannen er også tiltalt for å ha forstyrra den offentlege roen. På føremiddagen om sommaren skal han ha ropt og skrike, og rota rundt i og tømd eit søppelspann. I tillegg skal ha gått rundt i det same området og banka på ruter og dører. Han skal også ha kledd av seg shortsen slik at han var naken frå livet og ned.

Artikkeltags