To menn dømd for oppbevaring og bruk av narkotika

DEL

Ein mann i 70-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 45 dagar i fengsel, etter at han vart teken med 144 rivotriltablettar, som inneheld det narkotiske verkestoffet klonazepam.

Ved oppbevaring av 200 rivotriltablettar er fengselsstraffa kring 60 dagar, men i og med at mannen tilstod alt, blei straffa redusert. Den dømde har helsemessige utfordringar som gjer soning vanskeleg. Retten oppfordra difor kriminalomsorga til å vurdere om det kan vere hensiktsmessig å la mannen sone med fotlenke.

Ein annan mann i 20-åra er dømd for å innta narkotika og køyrd eit godt stykke før bilturen enda i ei trafikkulykke. I retten tilstod også denne mannen alt. i Sogn og Fjordane tingrett vart mannen dømd til fengsel i 18 dagar, samt ei bot på 35.000 kroner. Han misser også førarretten i to år.

Artikkeltags