Kvinne fekk klekkeleg bot og fengsel på vilkår for å ha køyrt bil i rusa tilstand

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ei tidlegare ustraffa kvinne i førtiåra frå Sunnfjord har blitt dømt for å ha køyrt bil medan ho var påvirka av alkohol.

Det var ein sein januarkveld tidlegare i år at kvinna blei stoppa av politiet og målt til ein alkoholpromille målt til 0,81 milligram per liter luft i utåndingsluften. Det tilseier at kvinna hadde ein promille på rundt 1,6.

I retten tilsto kvinna utan atterhald, og tilståinga blir styrka av dei andre opplysningane i saka. Retten meiner difor det er bevist at ho har handla aktlaust i vegtrafikklovas forstand.

Vegtrafikklova fastset at straffa som regel skal settast til bot og fengsel utan vilkår ved ein promille over 1,2. Er den over 1,5 bør lengda på fengselsstraffa ligge mellom 21 og 36 dagar. I høve storleiken på bota er rettleiande norm at den bør svare til ein og ein halv brutto månadsløn, og berre unntaksvis settast under 10.000 kroner.

Ved dette høvet seier tingretten at den høge promilla er skjerpande, i tillegg til at køyringa foregjekk over ei viss strekning, med to passasjerar i bilen.

I formildande retning legg retten vekt på at kvinna tilsto utan atterhald.

Kvinna forklarte i retten at ho har brukt alkohol som ein form for medisin i helgene over ein lang periode. Ho har gjennomgått ei personundersøking, og er funnen eigna for eit program mot ruspåverka køyring. Påtalamakta føreslo difor at fengselsstraffa blei satt til 21 dager på vilkår, med det særskilde vilkåret at ho gjennomfører eit slikt program.

Etter ei konkret vurdering kom retten til at fengselsstraffa blei satt på vilkår i tråd med påtalemakta sitt forslag.

Når det gjeld utmålinga av bota kom retten til at 58.000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar, er passande med omsyn til kvinnas økonomiske situasjon. Ho mistar også retten til å køyre bil dei neste to åra, og må ta ny førarprøve om ho skal få den tilbake etter den tid.

Artikkeltags