Han vil framleis styre Høgre-skuta

Vidar Grønnevik (Flora Høgre) vil gjerne ta ein ny periode som fylkesleiar. Her frå februar 2016, då han vann kampvoteringa om toppvervet mot Noralv Distad.

Vidar Grønnevik (Flora Høgre) vil gjerne ta ein ny periode som fylkesleiar. Her frå februar 2016, då han vann kampvoteringa om toppvervet mot Noralv Distad. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vidar Grønnevik har varsla valnemnda i Sogn og Fjordane Høgre om at han gjerne tek attval som fylkesleiar.

DEL

Kabalen byrjar å ta form for Sogn og Fjordane Høgre inn mot neste vinters årsmøte, som går av stabelen 10. og 11. februar i Sogndal.

Det går fram av ein epost frå valnemnda som blei sendt ut fredag.

I tillegg til at Vidar Grønnevik har signalisert at han ver valbar, har Stryn-ordførar Sven Flo og Frøydis Helland (Lærdal) gitt tommelen opp til valnemnda for ein ny periode i fylkesstyret.

Også kvinnepolitisk representant Anne Lilleaasen frå Gaular stiller seg til rådvelde for styret dei komande to åra. 

Dei som derimot ikkje ønskjer seg ein ny runde i fylkesstyret, er Lise-May Sæle frå Balestrand, og Harald O. Aamot frå Førde. 

Dei andre fylkesstyremedlemmene som ikkje er på val, og dermed held fram, er Noralv Distad/1. fylkesnestleiar/Aurland, Olin Johanne Henden/2. fylkesnestleiar/Jølster, stortingsrepresentant Frida Melvær/Askvoll, Unge Høgre sin leiar på fylkesplan Asbjørn Øyra Sæterskar/Naustdal og senior-Høgre sin leiar på fylkesplan Solfrid Fossberg/Leikanger.

I 2018 blir også endringa Høgre vedtok i fjor, gjeldande. Ein går no frå eit 12 personars fylkesstyre, til eit arbeidsutval (AU). I den eksisterande ordninga finst det rom for fire medlemmer utan noko form for definert rolle i partiet, medan ei AU-løysing har to slike plassar.

Det er også bestemt kven som blir utsendingar til Høgre sitt landsmøte neste år, nemleg den som blir valt som fylkesleiar, stortingsrepresentant Frida Melvær, Noralv Distad og den som blir ny fylkesleiar for Høgre sitt kvinnenettverk.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken