Hollevik tonar flagg og gir Melvær si støtte

Frida Melvær og Bjørn Hollevik

Frida Melvær og Bjørn Hollevik Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Mannen Flora Høgre lanserte som utfordrar til Bjørn Lødemel, stiller seg no bak Frida Melvær i kampen om topplassen på stortingsvallista.

DEL

Tre dagar før Sogn og Fjordane Høgre held nominasjonsmøte på Skei, står det framleis ope kven som blir partiets toppkandidat i fylket ved stortingsvalet neste haust. Sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel er ute av nominasjonsnemndas framlegg, men kjempar framleis for å få sin tredje periode på Tinget. Askvoll-ordførar Frida Melvær toppar listeframlegget, etter at ho først hadde signalisert at ho ikkje ville kjempe mot Lødemel – men der Lødemel seinare sa at dette var ok. I denne nominasjonsthrilleren får Melvær no støtte frå kandidaten Flora Høgre har sett føre seg som arvtakar på stortingsbenken, mannen som var andrekandidat sist, og som i dag er Lødemels vararepresentant: Bjørn Hollevik.

– Eg meiner vi bør støtte Fridas kandidatur, seier Hollevik til Firda.

Beste røystesankar

Bjørn Hollevik strekar under at standpunktet hans ikkje betyr at han ser på Bjørn Lødemel som ein dårlegare politikarar, eller at det handlar om eit personskifte for å vitalisere partiet.

– Det avgjerande for meg, er at Melvær står klart sterkast i innspela frå lokallaga. Eg trur ho kan trekkje røyster breitt i fylket. Vårt eine mål i stortingsvalet må vere at Høgre skal få ein av plassane frå Sogn og Fjordane. Då må vi ha ein toppkandidat som trekkjer veljarar. Melvær står i særklasse blant kandidatane våre, når det gjeld oppslutnad i lokallaga. Dette er avgjerande for at eg sjølv ikkje vil stille til kampvotering mot henne, og det er avgjerande for at eg meiner fylkespartiet bør samle seg bak hennar kandidatur. Hadde Bjørn Lødemel hatt brei støtte hos Høgre-laga i fylket, ville det stilt seg annleis, seier Hollevik. Sjølv har han stilt seg til disposisjon for dei to første plassane. Nominasjonsnemnda har innstilt han på andreplassen.

Dei prioriterte innspela frå lokallaga viser at elleve av 26 lokallag ønskjer Frida Melvær som toppkandidat, tolv har føreslege attval av Lødemel. Høgre-laga i Askvoll og Naustdal ser på dei to kandidatane som likeverdige, og har gitt delt innstilling. Men medan ti av lokallaga ikkje har Lødemel med på listeframlegga sine i det heile, er Melvær med i framlegga frå samtlege lokallag, med til saman 20 første- og andreplassar.

– Dette gjer at ho er best eigna til å samle oppslutnad og trekkje røyster, seier Hollevik.

Kjempar

Etter det Firda kjenner til, kjempar Lødemel framleis for renominasjon, men sonderer truleg samstundes for å kartlegge kva støtte han vil kunne rekne med i ei kampvotering mot Melvær. Er sjansane reelle til å vinne, vil han stå løpet ut. Er støtta for lita, er det grunn til å rekne med at Lødemel vil trekke seg i forkant av nominasjonsmøtet, for å bidra til samling bak kandidaten som blir nominert. Fleire godt informerte kjelder Firda har snakka med, reknar ikkje med at nominasjonsmøtet komande helg vil skape intern strid, bitterheit og vondt blod i Sogn og Fjordane Høgre.

Artikkeltags