Friske millionar skal gjere funksjonshemma meir mobile

Rørslehemma har no fått tilgang på friske millionar til alternativ transport, etter at Samferdsledepartementet har peika ut Sogn og Fjordane som ny deltakar i den såkalla TT-ordninga.

Rørslehemma har no fått tilgang på friske millionar til alternativ transport, etter at Samferdsledepartementet har peika ut Sogn og Fjordane som ny deltakar i den såkalla TT-ordninga. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Så er også Sogn og Fjordane kome med på lista over fylke der personar med funksjonshemmingar, som ikkje kan reise kollektivt, kan få økonomisk støtte til alternativ transport. Det stadfestar Høgre/Frp-regjeringa i ei pressemelding tysdag. Saman med støttepartia KrF og Venstre har dei sikra fleirtal for å utvide ordninga med tilrettelagt transport for rørslehemma (TT-ordninga), og Sogn og Fjordane fylkeskommune får no 6,2 millionar til slikt tenestekjøp, gjeldande for andre halvår 2017.

13 fylke søkte

Det er særleg rullestolbrukarar og svaksynte/blinde som har mangla ei støtteordning, og no vil ein kunne få tilbod om opp til 200 reiser kvart år.

Heile 13 søknader låg på bordet hjå Samferdsledepartementet, og det var søknadene frå Sogn og Fjordane, Troms og Finnmark som fekk tilslag denne gongen. Det set Høgre sin stortingskandidat Frida Melvær pris på:

-Regjeringa og samarbeidspartia har sett behovet for å styrke reisetilbodet for dei som treng det aller mest. Ei utvida nasjonal transportordning for brukarar med særlege behov vil gjere kvardagslivet enklare for ei gruppe menneske som elles har vanskar med å ta seg fram på eiga hand eller med ordinært kollektivtilbod. Det handlar ikkje minst om å gjere det sosiale livet betre og meir inkluderande. Det å delta i samfunnslivet på lik linje med funksjonsfriske bør vere ein sjølvsagt rett. At Sogn og Fjordane er valt ut som eit av tre nye fylke  til å delta i den utvida ordninga, og at fylkeskommunen får tildelt ei ekstra løyving på over 6,2 millionar, er svært gledeleg, seier Melvær i ei fråsegn.

Meir uavhengige

Ordninga er varig og får ei dobla heilårsverknad frå 2018.

- Eg har følgd denne saka tett dei siste åra. Ordninga med utvida TT-ordning har vore ein suksess i dei fylka som har vore heldige nok til å ta del i den. Eg er glad for at Sogn og Fjordane no kjem med, det vil bety ein enklare kvardag for mange, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Også Frp-kandidat Britt Dalsbotten er nøgd, og peikar på at det er ei lette for mange funksjonshemma å ikkje lenger vere så avhengige av pårørande og vener for å kome seg rundt og ha eit sosialt liv.

Artikkeltags