Sogn og Fjordane  Fylkeskommune skal for første gong del ut ein klima- og miljøpris, og ber om forslag til kandidatar - nokon som har gjort ein god innsats for å skape blest om klimautfordringane og nye løysingar.

Prisen skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innan klima- og miljøarbeid i året som gjekk, eller som har gjort ein stor innsats over tid. Det føregår mykje godt klima- og miljøarbeid i Sogn og Fjordane, og føremålet med prisen er å hjelpe fram og inspirere denne innsatsen.

Prisen er på 50.000 kr og eit diplom. Utdelinga vil skje i fylkestinget i første del av 2019. Frist for å nominere kandidatar er 31. desember 2018.

Skjema for nominasjon finn du her.

Du kan også foreslå kandidatar på post@sfj.no, då må du merke med

«Nominasjon til klima- og miljøpris (ESA 18/6603)»).