Meiner Firda har vinkla feil: – Har aldri meint å nulle ut Førde som fylkessenter

FEIL: Bjørn Hollevik meiner diskusjonen og vedtaket i planutvalet i fylkeskommunen har blitt mistforstått.

FEIL: Bjørn Hollevik meiner diskusjonen og vedtaket i planutvalet i fylkeskommunen har blitt mistforstått. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Eg har på ingen måte meint å nulle ut Førde som fylkessenter, seier Bjørn Hollevik (H).

DEL

Han meiner Firda har framstilt feil det som skjedde på møtet i fylkesplanutvalet 31. oktober.

Bakgrunn: Planutvalet i fylkeskommunen nullar ut Førde som fylkessenter

Les også: Florø-Djuvik: – Førde er ikkje viktigare enn andre 

– Er Firda ei regionavis eller ei bygdeavis? spør Høgre-representanten retorisk og hevdar det er Frp-representant Frank Willy Djuvik si tolking at vedtaket i utvalet betyr sluttstrek for Førde som fylkessenter og Sogndal som regionsenter.

– Det har aldri vore meininga mi, seier Hollevik etter møtet der eit arbeidsdokument om strategi for tettstadutvikling og senterstruktur i Sogn Fjordane stod på saklista.

– Fylkessenter var ikkje tema

Fleirtalet røysta ned ei tilråding frå fylkesrådmannen om at Førde skulle vere fylkessenter og Sogndal regionsenter.

Eit fleirtal på sju mot fire vedtok at Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid, Stryn, Måløy og Sandane skal vere senter i sju bu-, arbeids- og serviceregionar (BAS). Fem av dei sju representantane som røysta for dette, er frå Florø.

– For meg handla dette om kva vi skal legge ut på høyring når vi vedtek ein endeleg plan i april. Oppgåva fylkesrådmannen hadde fått, var å greie ut korleis vi skal styrke tettstadane og utvikle BAS-regionar i Sogn og Fjordane. Det har han gjort, men nemnde ikkje temaet med eitt einaste ord i konklusjonen sin. Der har han bomma på oppgåva, påpeikar Hollevik.

Berre nemnt éin gong

– Ordet fylkessenter er nemnt éin gong i utgreiinga. Kvifor skulle utvalet bruke tid på noko som ikkje var greidd ut, og som heller ikkje var noko rådmannen skulle levere på? Vi hadde ein god diskusjon i utvalet der det var klart at saka dreia seg om bu-, arbeids- og serviceregionar og at det galdt å finne gode formuleringa i vedtaket som matcha oppgåva, seier Hollevik til Firda.

Han fortel at Djuvik kom med fleire forslag som blei retta både ein og to gonger.

– Han må legge andre ting i vedtaket, enn det eg gjer, fastslår Høgre-representanten.

Hollevik minner om at Førde sin status som fylkessenter er 17 år gammal og ikkje noko som står på dagsorden.

– Hadde det lege føre ei ny utgreiing som trekte inn nye moment, så kunne eg sett på det, men det skulle vore gode argument til for at eg skulle gått vekk Førde som fylkessenter og Sogndal som regionsenter.

– Kva er gjort gale?

Han fortel at han no får spørsmål om kva gale dei har gjort i planutvalet.

– Det vert bygt opp ein fogderistrid som eg aldri har trudd skulle skje på grunnlag av vedtaket vi gjorde. Firda lagar ein ny dimensjon om bygdedyra frå Florø, seier han. 

Han kan heller ikkje forstå kvifor fylkesordførar Jenny Følling blei overraska over vedtaket når utvalet brukte tid på å diskutere at rådmannen si oppsummering av utgreiinga var total bom på oppgåva.

Forskrekka over vinklinga

Åshild Kjelsnes (Ap) er forskrekka over vinklinga saka har fått, etter at planutvalet endra tilrådinga frå rådmannen på punktet om sterkare BAS-regionar.

– Planutvalet har gjentekne gonger bedt om at vi må vie meir merksemd på bu-, arbeids- og serviceregionar. Når det kjem forslag til vedtak, så er det ikkje eitt ord om desse. Det er berre snakk om fylkes- og regionsenter, og det var utgangspunktet for debatten i planutvalet, seier Kjelsnes.

– Frå Ap si side er det veldig å forsterke utviklinga av bu-, arbeids- og serviceregionar, og der er Førde og Sogndal senter i sine område. Førde er vedtatt som fylkessenter, det ligg der og er innarbeidd, og det var ikkje i tankane å nulle ut dette, seier Kjelsnes.

– Vedtaket kunne vore betre

I etterpåklokskapens lys meiner ho dei kunne laga eit betre vedtak med meir heilskap.

– Det kan vi gjere i alt i fylkesutvalet den 20. november. Vi treng ikkje legge opp til unødvendig støy og frontar som eigentleg ikkje er der, og at ein brukar postadresser for å vise ein annan agenda enn som er tilfelle. Eg vil også minne om at Arbeidarpartiet har stått last og brast med Førde når det gjeld å kjempe fram viktige funksjonar, seier ho.

Artikkeltags