Marint verdiskapingsfond har nesten millionen å gi vekk

Oppdrettsanlegg på Klavelandet.

Oppdrettsanlegg på Klavelandet. Foto:

AKVAKULTUR:

DEL

Marint verdiskapingsfond har midlar som i utgangspunktet skal nyttast til delfinansiering av utviklingsprosjekt som fokuserer på større bærekraft i akvakulturnæringa. Fondet vurderer også tiltak som kan auke marin verdiskaping, heiter det frå næringsavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Og dei ber om søknadar.

Fondet er finansiert av midlar som vart overførte frå staten i samband med konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på 11 millionar kroner, og i 2019 blir det delt ut vel 900 000 kroner.

Tilskotet frå fondet kan normalt ikkje utgjere meir enn 50 prosent av kostnadane til prosjektet. Både kommunar, oganisasjonar og næringsaktørar kan søke, men prosjektet ein søker for må springe ut frå problemstillingar som er relevante for akvakulturnæringa i fylket, og det må ha ei hovudtyngd av aktørar frå Sogn og Fjordane.

Søknadsfristen er sett til 30. juni, og du finn fleire opplysningar om fondet her.

Artikkeltags