Fylket fekk pris for godt kollektivtilbod til ungdom

Frå venstre Helge Orten (leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget), Eva Hamre og juryleiar Helena Leufstadius.

Frå venstre Helge Orten (leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget), Eva Hamre og juryleiar Helena Leufstadius. Foto:

OSLO: Juryen var einstemmige i at dette er eit utmerka tiltak.

DEL

Det er for tilbodet Lokaltransport For Ungdom (LTU) at Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk prisen. Lokaltransport for ungdom (LTU) gjer det mogleg for ungdommar i fylket å reise kollektivt til og frå fritidsaktivitetar, også når det vanlege kollektivtilbodet ikkje finst.

Med Lokaltransport for ungdom kan ungdommane gjennom kommunen sin søke om pengar til å få sett opp transport til og frå fritidsaktivitetar - mellom anna til og frå skisenter, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar.

- Det er utruleg kjekt at vi vinn denne prisen i konkurranse med så gode kandidatar. Dette er ei stadfesting av at også mindre tilbod er viktige for å gje folk eit godt og tenleg kollektivtilbod, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga, Eva Hamre, som tok imot prisen.

Juryen seier at dei har lagt vekt på at tilbodet rettar seg mot framtidas kollektivkundar, at det er heilt genialt enkelt og at det har ei total involvering av brukarane.

Det er Kollektivtrafikkforeningen som kvart år deler ut Kollektivprisen. Prisen blir delt ut til aktørar innan mobilitet og kollektivtrafikk i Noreg, for tiltak som bidreg til å forenkle folk sine liv. Prisvinnaren skal vere nytenkande, og gjerne samarbeide med fleire aktørar.

Artikkeltags