Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar søker no etter ti personar som skal sitte i folkejuryen og saman finne fram til ti forslag som skal konkurrere om å bli det nye fylkesvåpenet, fortel Sogn og Fjordane fylke på sine nettsider.
Dei ti skal møtast 18. august i Bergen for å snevre inn dei 640 forslaga til ti. Juryen skal spegle innbyggarane i det nye fylket, og dermed innehalde folk i ulike aldrar og kjønn. Men du må ha adresse i anten Hordaland eller Sogn og Fjordane, du må vere oppteken av kva som kan vere eit godt fylkesvåpen, og du må ha høve til å stille i Bergen 18. august mellom klokka 13 og klokka 16.
Jurymedlemmene vil få tilsendt alle forslaga, og velje seg fem favorittar. Deretter vil folkejuryen sine ti favorittar bli slått saman med fagjuryen sine ti favorittar og alle finalistane går vidare til ei nettrøysting i slutten av august.
Høyres dette ut som det er nett noko for deg, sender du ein epost til [email protected], merkjer den "folkejury" og legg ved namn, alder, adresse og ei grunngjeving for kvifor du vil vere med på dette. Fristen er 9. juli.
Natur er tema for over halvparten av forslaga - 340 stykker - medan kultur og historie er brukt i 162 forslag. Under vignetten "samtid/anna" ligg det 63 spennande forslag, og "kombinasjonar av tema" inneheld 75 forslag.