– Det er gledeleg at fordelinga av midlar no er basert på behov, seier rådgivar Egil Henning Ytrøy i fylkeskommunen i ei pressemelding. – Fordelen då er at vi kan planlegge meir langsiktig, og ikkje treng å konkurrere om ein pott med midlar nasjonalt. Det skriv Firda

Ytrøy legg likevel vekt på at fylket etter hans meining òg har komme godt ut av den tidlegare ordninga, i stor grad grunna eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og ulike IT-forum.

Frå i år av skal kommunane sjølv søke om tilskot, så vert det opp til fylkeskommunen å presentere desse for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for godkjenning.

Moglegvis meir mobilt

Ifølge pressemeldinga, skal breibandløysingane som blir finansierte med tilskot frå ordninga tilbydast til ein fast pris. Prisen på mobilt breiband skal i tillegg vere tilnærma lik prisen på fast breiband.

I lengda kan dette tyde at mindre område, der det er for dyrt å bygge ut noko særleg, kan få eit godt alternativ i form av mobilt breiband.