Vogntog rett i grøfta ved Smørhamn

I GRØFTA: Vogntoget har kome over på venstre side av vegen og køyrt ut i grøfta

I GRØFTA: Vogntoget har kome over på venstre side av vegen og køyrt ut i grøfta Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Eit vogntog har køyrt av vegen.

DEL

Eit utanlandsk vogntog køyrde av vegen på fylkesveg 616 mellom Kalvåg og Hauge i Bremanger fredag føremiddag.

Det skal ifølgje politiet ikkje vere snakk om personskade på sjøføren, men det var lenge uråd å ta seg forbi ulukkesstaden.

Ulukka skjedde omlag 300 meter sørvest for kaien i Smørhamn, og vegen mellom Smørhamn og Kalvåg var stengd gjennom heile fredagen.

Vogntoget hadde vore hos Pelagia i Kalvåg med ei last emballasje, og var på veg tilbake til Måløy då sjåføren køyrde av vegen.

SISTE: Politiet og bergingsbil kom til ulukkesstaden, ca. kl 14.30. I tretida blei trafikk sleppt gjennom, men frå kl 17.30 blir vegen stengd pga bilberging.


STENGJER VEGEN: Vogntoget som enda i naturen ved Smørhamn stengjer fylkesveg  616.

STENGJER VEGEN: Vogntoget som enda i naturen ved Smørhamn stengjer fylkesveg 616. Foto:


Artikkeltags