Sluttar som kultursjef i Bremanger

Artikkelen er over 16 år gammel

SVELGEN: Claus Røynesdal har sagt opp jobben sin som kultursjef i Bremanger kommune frå 1. september.

DEL

Han flyttar då til Aurland, der han er tilsett som kommunalsjef i Aurland kommune.

Claus Røynesdal kom til Bremanger kommune hausten 1999, og jobba først som pedagogisk konsulent ved skule- og barnehagekontoret. Frå 1.august 2000 vart han tilsett som kultursjef i Bremanger.

– Det har vore ein fantastisk spennande jobb, og takka vere at politikarane i Bremanger har valt å satse på kultur, har vi fått utretta veldig mykje, og eg er godt fornøgd med det vi har fått til, seier Røynesdal.

Artikkeltags