Slutt for konfirmantopplæring i skuletida

Årets konfirmantar blir dei siste som får konfirmasjonsundervisning i skuletida. Her frå konfirmasjonen 28. april i år.

Årets konfirmantar blir dei siste som får konfirmasjonsundervisning i skuletida. Her frå konfirmasjonen 28. april i år. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det meste tyder på at årets konfirmasjonskull er det siste i Flora som får konfirmasjonsundervisning i skuletida. Kva meiner du om dette?

DEL

Eit nesten samrøystes Kultur og oppvekstutval (KUOP) går no inn for dette. Bente Nilsen, SV sin einslege svale i bystyret, kan endeleg ha vunne ein politisk siger etter å ha nytta einkvar sjanse til å få omkamp om saka. Flora er truleg den siste av kommunane her i fylket som no avviklar ordninga.

Likestilling av livssyn

– Eg er veldig fornøgd med at vi no får likestilling for alle livssynsgrupper. Når det er frivillig å konfirmere seg, er ikkje dette noko skulen skal blandast inn i, meiner Nilsen.

Det var Human-etisk Forbund som reiste kravet til Flora kommune om å ta opp att saka om konfirmasjonsundervisning, etter at dispensasjonen kyrkja fekk i 2010 til å halde fram med konfirmanopplæring i skuletida. Human-etisk Forbund har vist til kyrkjelova, og meiner at argumenta Flora kommune har brukt for å behalde ordninga ikkje er gode nok til at det kan gjevast unntak. Kyrkjelova seier at konfirmasjonsopplæring ikkje skal gjevast i skuletida, unnateke når det fører til større ulemper for funksjonshemma eller elevar som treng skyss og liknande.

Reagerer på argumentasjonen

Sokneprest Knut Magne Nesse har reagert mot argumentasjonen til Human-etisk forbund i saka om konfirmasjonsopplæring i Floraskulen. Det har han gjort i eit brev som vart delt ut i hovudutvalet for kultur tysdag.

– Argument som vert brukte er urimelege, hevdar Nesse og viser til at det er kyrkjelova og eit gyldig vedtak i bystyret som har lege til grunn for kyrkja sin måte å organisere opplæringa på, seier han.

Les meir i papirutgåva av Firdaposten, eller i E-avisa.

Artikkeltags