Sløkte brannen tjue meter frå skogbeltet

Sløkkemannskapet i aksjon.

Sløkkemannskapet i aksjon. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Utan lokale bønder hadde det aldri gått.

DEL

OPPDATERT - Vi stogga brannen tjue meter frå skogbeltet. Utan at Bremanger brannkorps og vi i Sivilforsvaret hadde fått så god hjelp av lokale bønder, hadde det aldri gått, seier FIG-leiar i Florø, Wilhelm Larsen.

- Eg vil påstå at utan denne innsatsen hadde bygda Sørgulen vore historie.

I tillegg til FIG Florø bidrog Førde og Askvoll, og Sivilforsvaret hadde totalt 40 personar ute i feltet.

Sløkkemannskapet brukte skogbrannpiskar i kampen mot flammane.

- Brannen blussa opp att to gonger i løpet av natta, først klokka 01:30 og sidan klokka 03:30, men mannskapet gjorde ein fantastisk innsats og heldt flammane unna skogen, seier Larsen.

Klokka 18:00 fredag kveld var operasjonen over og debreifing unnagjort. Då hadde Larsen og NK Sunde stått på i 24 timar samanhengande.

Dette skjedde:

Det brann kraftig i lyng og einer i åtte timar etter at eit kaffibål kom ut av kontroll torsdag ettermiddag i halv fire-tida. Etter ei stund stod 10-15 mål i brann, men kor mykje som blei svidd av til slutt, er uvisst. Fleire hundre mål i alle fall. Fronten var 700 meter brei.

Brannvesenet i Svelgen og anna hjelpemannskap rykte ut etter melding om røykutvikling på vestsida av fjelltoppen Rognen. Det brann mellom Skudalsnipa og Rognen ovanfor Botnane/Gulestøa. Brannen spreidde seg begge vegar, også på andre sida av fjellet, over Sørgulen.

15 personar frå Sivilforsvaret FIG Florø bidrog til brannsløkkinga på 400 meter over havet.

Operasjonssentralen i Florø

- Vi fekk melding om røykutvikling på fjellet i halv fire-tida, langt utanfor allfarveg, fortel Bengt Ness ved operasjonssentralen i Florø.

Det tok tid å kome fram til brannstaden. Terrenget er bratt i området. Mannskapet måtte slite seg opp gjennom steinurer og granskog.

Ifølgje Alarmsentralen var fire mann frå brannvesenet på toppen klokka 20.00. Ni fleire kom 20.45.

I 17-tida var det 8 sekundmeter vind frå nordaust på staden, men vinden løyna ut over kvelden og natta og oppførte seg meir som ven enn fiende i dei kritiske timane.

- Eitt av laga våre har gått opp 400 beinharde høgdemeter for å delta i sløkkearbeidet, medan vi andre har lagt ut 600 meter med brannslangar i utkanten av busetnaden i tilfelle lyngbrannen skulle spreie seg dit, seier lagførar Antonsen i FIG Florø.

- Det er mindre røyk no, melde lagførar David E. Antonsen i FIG Florø klokka ti på elleve.

Ei lita stund etterpå tikka følgjande melding inn:

"Brannen er sløkt, men det blir beredskap utover natta."

Artikkeltags