Gå til sidens hovedinnhold

Slo pappa med eitt minutt

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Ole Martin Gjerde (12) frå Svelgen tok ein flott andreplass i Rise-løpet laurdag ettermiddag. Han kom i mål eitt minutt før pappa Stig Gjerde, som hamna som nummer seks på resultatlista.

Men det var Brynjar Holsen frå Eikefjord som kom inn til beste tid på årets Rise-løp, han sprang den ni kilometer lange distansen i vekslande terreng på litt over 38 minutt, vel to minutt raskare enn Ole Martin Gjerde. Gjerde-familien var også representert med onkel Per Ove Gjerde, som tok femteplassen. Gry Gulestøl frå Svelgen var einaste kvinna som deltok i konkurranseklassen, som til saman talde 14 deltakarar. I mosjonsklassen stilte 15 personar til start, og ni personar sprang og gjekk miniløypa tidlegare på dagen.

Les meir om løpet i tysdagsutgåva av Firdaposten.

Resultatliste

Kvinner

1. Gry Gulestøl STIF 46:00,56

G 12-16

1. Ole Martin Gjerde STIF 40:26,00

2. Magnus Myrhol STIF 42:32,00

3. Alf Erik Sande STIF 44:07,06

4. Terje K. Trengereid Florø 45:35,63

5. Lars A. Trengereid Florø 49:35,00

6. Are Ryland STIF 1:01:53,00

M 17-29

1. Tor Inge Øvrebotten STIF 40:40,70

M 30-39

1. Frank Hatleset STIF 40:29,60

M 40-49

1. Per Ove Gjerde STIF 40:57,00

2. Stig Gjerde STIF 41:25,70

M 50-59

1. Brynjar Holsen Eikefjord 38:23,70

M 60-69

1. Martin Øverås Svint 42:59,80

2. Terje Trengereid Florø 45:42,70