Så langt har nært 1300 abonnentar av Firdaposten registrert seg som aID-brukarar. Det er ingenting anna enn ein suksess, seier redaktør Svend Arne Vee.

- Dette er eit svært godt tal. Vi har prosentvis mange fleire registrerte aID-brukarar enn mange av Amedia sine aviser. Det viser at dei trufaste lesarane våre etter kvart er mindre opptekne av kva plattformar nyheitene blir publisert på enn å få tilgang på god, lokal journalistikk, seier Vee.

Det er enklare enn du trur å registrere aID-en din, og har du gjort det ein gong slepp du gjere det fleire gonger. Slik gjer du det:

  • For deg som allereie er Firdaposten Komplett- eller Digital-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "aID Logg inn"-knappen oppe til høgre i fana.

3. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID". Fyll ut namn, mobilnummer, epost og fødselsdato. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Når det er gjort, trykk "Send eingongskode". Då vil du få ei tekstmelding frå oss med ein eingangskode. Denne må du skrive inn i feltet som kjem opp i nettlesaren din. Då vil du måtte skrive inn eit personleg passord knytt til aID-kontoen din.

  • For deg som ikkje er Firdaposten-abonnent:

1. Gå inn på www.firdaposten.no og trykk på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Her får du då valet om å bestille abonnement. Du kan velje mellom Firdaposten Digital, Firdaposten Digital + Helg, og Firdaposten Komplett.

3. Når du har registrert ditt abonnement får du tilgang på e-avisa med ein gong, men ikkje Fp+ innhaldet. Du får ei e-poststadfesting med ein gong, men det tek kring to dagar frå du har registrert ditt abonnement til du får full tilgang på alt innhald på Firdaposten.no.

  • For deg som har familie som er Firdaposten-abonnentar:

1. Det har blitt enklare for deg som har familie å kunne logge deg på. EIn familie kan dele på inntil fem tilgangar på Firdaposten.no. Det gjer du ved å gå inn på www.firdaposten.no og trykke på "Mi side" i den raude Firdaposten-fana i toppen. Denne fana vil då utvide seg.

2. Trykk deretter på "Få tilgang som familiemedlem"-knappen. På den neste sida du får opp trykkjer du "Opprett aID".

3. Fyll ut ditt eige namn, mobilnummer, epost og fødselsdato, ikkje den noverande abonnenten sine. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.

4. Du vil då få opplyst at du ikkje er abonnent, men du vil bli spurt om du loggar deg inn som eit familiemedlem. Då må du oppgje den eksisterande abonnenten sitt telefonnummer.

Om du har spørsmål angåande abonnement, aID eller FP+, kontakt oss gjerne på 5775 7300 (trykk 1 for abonnementsservice)