Det er måla og krota på to vegger, særleg området rundt gymnastikksalen, men også på dører, vindauge og eit bosspann. Ordføraren har meldt saka til politiet, og folk frå Bremanger lensmannskontor var på staden i går.

– Det heile er såpass omfattande at vi ikkje vil bruke uttrykket "tagging", men karakteriserer åtferda som reint hærverk. Blant anna kan ein lese at "Hauge skule er eit fengsel", og dessutan slibrige ord om rektor, fortel vakthavarande hos politiet.

Tilgrisinga har skjedd med sprayboks, og det er ikkje spart på målinga. Politiet reknar med at hærverket har skjedd natt til laurdag. Dei har førebels ingen mistenkte i saka.

– Det er berre trist for bygda og for dei som kjem her på skule og jobb, og tilreisande som ser det slik. Det er til og med spraya over eit skilt som viser at det ikkje er lov å køyre opp på skulen med bil. Det er tydelegvis ikkje populært, seier rektor Kvenseth oppgitt i ein prat med Firdaposten.

– Kan det vere russen, som det står skrive at "helsinga" er ifrå?

– Det tvilar eg på, seier Kvendseth, og legg til:

– Nei, eg trur ikkje nokon av årets russ så ilt at dei har gjort dette, seier han.