Gå til sidens hovedinnhold

Skytebana blir klar til våren

Artikkelen er over 6 år gammel

Testskytinga er i gang på den nye viltspor-bana på Grovastøylen.

Så mykje er på gang på anlegget at styreleiaren i Grovastøylen AS, Frank Willy Djuvik, er rimeleg sikker på å love at anlegget skal vere ferdig til bruk til 1. juni neste år. Dette var datoen bystyret sette for å legge press på framdrifta.

Anbod klart

Leirduebana har vore i drift ei tid. Her manglar berre monteringa av eit akustisk anlegg som skal gje klarsignal for skyting. Anbodet på standplasshusa til 100 meter og 200 meter-skyting og pistolbana har vore ute. Her ligg Vaktmesterkompaniet an til å få oppdraget med eit anbod på 3,9 millionar kroner, litt under ramma finansieringa av prosjektet. Djuvik tek eit lite atterhald ved styrebehandlinga.

Parallelt med bygging av standplasshusa, skal skyttarlaga sette opp sjølve skivearrangementa på dugnad Skivene må takast med frå dei andre anlegga som no skal avviklast. I tillegg må dei investerast i nokre nye skiver for å nå talet på 32 skiver, som er målet. Neste store fellesprosjektet er skyttarhuset. Mykje av det innvendige i modulhuset frå Flora vidaregåande skule som vart bygt opp att på Grovastøylen skal ribbast innvendig. Noko av det på dugnad, men også her må ein vesentleg del av arbeidet settast bort til fagfolk. Det same gjeld bygging av garderobar og sanitæranlegg.

Til neste vår

– Håpet er at dei skal verte klare med det viktigaste til sesongen startar neste vår, fortel Djuvik. Dei jobbar også med å få fram elektrisk straum til anlegget frå neste vår av. Så langt har anleggsarbeidarane måtte klare seg med straum frå aggregat.Heile anlegget vil truleg koste litt i underkant av 30 millionar kroner. Dugnadsinnsatsen åleine er stipulert til tre millionar kroner.

– Kan du som politikar seie kva dagens skyttaranlegg ved Likkjebana skal brukast til når skytebana vert flytta??

– Det har eg faktisk ikkje tenkt så mykje på. Det bør vel vere til noko som har med friluftsliv å gjere. Eg kan vanskeleg sjå føre meg at det vert aktuelt å bruke arealet til nye byggeprosjekt eller liknande

Kommentarer til denne saken