Neptune blir hovudsponsor for ein heilt ny type sommarskule i Florø

FORSKAR: I 2018 hadde Forskerfabrikken 5500 barn fra 5. til 7. klasse på 234 sommerskoler i heile Norge.

FORSKAR: I 2018 hadde Forskerfabrikken 5500 barn fra 5. til 7. klasse på 234 sommerskoler i heile Norge. Foto:

FLORØ: Praktisk moro skal auke realfagsinteressa til barn.

DEL

Neptune Energy går i 2019 inn som hovudsponsor for Forskerfabrikken sine sommarskular i Florø og Kristiansund.

– Forskerfabrikken starta opp i Florø i fjor sommar, men erfaring frå andre stader er at eit slikt samarbeid vil vere heilt avgjerande for at vi kan vidareføre lokale tilbod. No i sommar flytter vi sommarskulen til Florø barneskole og sjølve sommarskulen er i den første veka av skuleferien, seier Ian Skattum i Forskerfabrikken.

Samarbeidet med Neptune Energy gjer at Forskerfabrikken kan tilby plassane på sommarskulen til redusert pris. Dermed får fleire barn anledning til å delta.

– Forskerfabrikkens mandat er ein god match med Neptunes aktivitetar, og vi er stolte av å bidra til å inspirere barn og unge til å drive med realfag, seier Odin Estensen, administrerande direktør i Neptune Energy Norge.

Hos Forskerfabrikken er realfag praktiske fag der barna utforskar og eksperimenterer ute og inne heile dagen.

– Vi trur det er grunnen til at så mange barn trivast på våre sommarskular, seier grunnleggar Hanne F. Finstad i ei pressemelding.

Opplevingane set spor: Ein av fem tidlegare kursdeltakarar fortel at kurs dei tok på Forskerfabrikken har hatt betydning for at dei har valt å utdanne seg innan realfag som vaksne. Den praktiske tilnærminga gjer at realfag engasjerer og gir meining.

– Vi har gode resultat, både jenter og gutar får et heilt anna forhold til realfag etter våre kurs. I fjor var det like mange jenter som gutar blant deltakarane og den same fordelinga ser vi blant påmelde i år. Det synest vi er veldig fint, seier Finstad.

Forskerfabrikken

Forskerfabrikken AS er ein sosial entreprenør som jobbar for at barn skal bli meir interessert i realfag gjennom morosame og inspirerande fritidskurs og sommerskuler. Sommerskulen er eit populært tilbod i skuleferien over heile landet. I 2018 hadde Forskerfabrikken 5500 barn fra 5. til 7. klasse på 234 sommerskoler i heile Norge, med tilbud frå Mandal i sør til Longyearbyen i nord.

Artikkeltags