Flora-skulen får ein kvart million til programmering

Det er ikkje berre i dei reine it-faga at programmering no skal utviklast og forsterkast. Jamvel i musikkfaget vil dette no nyttast meir.

Det er ikkje berre i dei reine it-faga at programmering no skal utviklast og forsterkast. Jamvel i musikkfaget vil dette no nyttast meir. Foto:

Av

FLORØ: Ei tydeleg lokal satsing på programmering i ulike skulefag gir no utteljing i form av friske statlege løyvingar for Flora sin del.

DEL

Flora er ein av tre kommunar i fylket som no blir tilgodesett i 15-millionarspotten som regjeringa no deler ut til kommunar, fylkeskommunar og private skuleeigarar som har prioritert kompetanseheving innan programmering. Det går fram av ei pressemelding frå regjeringa.

Flora får 270.000 kroner, som skal gå til innkjøp av utstyr og kompetanseheving. I tillegg får Leikanger 74.000 kroner og Hyllestad kommune 41.000. 

- Programmering kjem inn i dei nye læreplanane som trer i kraft i 2020. Programmering vert då ein del av både i matematikk- og naturfaget, truleg også musikk. Skal elevane læra seg programmering treng dei rett utstyr også i klasserommet. Eg syns det er flott at Flora, Hyllestad og Leikanger kommunar ønskjer å vera i forkant, og at dei no får tildelt midlar til å kjøpa inn dette utstyret, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H), ifølgje Sogn Avis.

Tiltaket er eitt av åtte ulike tiltak i den såkalla teknologiske skulesekken.

Artikkeltags