Ein av fire mattelærarar i Flora kommune manglar kompetanse

MÅ HA MEIR KOMPETANSE: Ein av fire mattelærarar i Flora kommune har ikkje tilstrekkeleg kompetanse. Det må dei skaffe seg innan 2025.

MÅ HA MEIR KOMPETANSE: Ein av fire mattelærarar i Flora kommune har ikkje tilstrekkeleg kompetanse. Det må dei skaffe seg innan 2025. Foto:

UTDANNING: Lærarane som ikkje oppfyller kompetansekrava må vidareutdanne seg innan 2025. Det har regjeringa sette av 1,6 milliardar til i år.

DEL

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i matematikk, engelsk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga. Ungdomsskulelærarane må ha minst 60 studiepoeng i dei same faga. Både i Flora og Bremanger er det mange lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava i Grunnskulen.

Kommunane og skulane har ansvaret

I Flora gjeld dette 20 lærarar i norsk, 20 lærarar i matematikk, og 18 lærarar i engelsk. I prosent er dette høvesvis 22, 24 og 25 prosent av lærarane.

I Bremanger er dei tilsvarande tala tre norsklærarar, seks mattelærarar og fem engelsklærarar. Eller 7, 16 og 28 prosent av lærarane.

Sjølv om regjeringa stiller med middel til vidareutdanning, er det skulane og kommunane sjølv som har ansvaret for at lærarane har tilstrekkeleg kompetanse. I fjor var det 204 lærarar som fekk tilbod om vidareutdanning i Sogn og Fjordane. Det var 272 som søkte. Dei som ikkje fekk noko tilbod, eller framleis manglar kompetanse har sjansen på nytt nå.

Kva gjer lokalpolitikarane?

– Kommunane må ha klare kompetanseplanar for korleis dei skal sørge for at lærarane får nok fordjuping innan 2025. Då må dei prioritere vidareutdanning. Nokre kommunar gjer allereie ein veldig god jobb, medan andre kan bli betre, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding. Han meiner foreldre bør ha eit auge på kva lokalpolitikarane har tenkt å gjere for å sikre satsinga på vidareutdanning ved det kommande kommunevalet.

– Norske klasserom er fulle av dyktige lærarar med solid fagleg kompetanse. Men framleis er det ein del lærarar som manglar fordjuping i faga dei undervis i. Eg håpar mange av dei no vil søke om vidareutdanning, seier Sanner.

Fristen for å søke vidareutdanning er 1. mars, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Artikkeltags