Her dansar Svelgen-elevane for ein mobbefri oppvekst

BlimE i Svelgen

BlimE i Svelgen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kvart år dei siste åra har elevane ved Svelgen oppvekst i og for seg vore med på NRK Super si BlimE-satsing, der målet er å førebygge mobbing. Men i år ville dei sette inn ein ekstra innsats, fortel driftsleiar Sindre Fjeld.

– Vi har drive med BlimE-dansen i friminutt og matfri i mange år no, men dette er første gong vi har meldt oss på på ordentleg, seier Fjeld.

Fredag var alle 188 elevane frå første til tiande klasse, i tillegg til barna ved begge barnehageavdelingane, i full gang med å spele inn ein musikkvideo der alle dansa BlimE-dansen.

Fjeld fortel vidare at skulen har eit omfattande mobbearbeid.

– I BlimE handlar det om respekt, og det å vere på lag med kvarandre og vere ein venn. Dette jobbar vi med mykje på skulen. Vi snakkar også med elevane om innhaldet i BlimE-songane. I tillegg har vi hatt musikalar som tek føre seg mobbing som tema, mellom anna «Stopp, ikkje mobb!»

    Svelgen Oppvekst sete opp musikalen Stopp! Ikkje mobb! - dei jobba med den i mange veker og den 13. februar var det framsyning med brask og bram.

    Artikkeltags