- Skulane gjer ikkje nok i mobbesaker

MÅ BLI BETRE: Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er ikkje nøgd med at det i 80 prosent av vurderte mobbesaker, viser det seg at skulane ikkje maktar å setje inn gode nok tiltak. Tala for Sogn og Fjordane hamnar om lag på landssnittet.

MÅ BLI BETRE: Kunnskapsminister Jan Tore Sanner er ikkje nøgd med at det i 80 prosent av vurderte mobbesaker, viser det seg at skulane ikkje maktar å setje inn gode nok tiltak. Tala for Sogn og Fjordane hamnar om lag på landssnittet.

Av

I fire av fem saker der elevar blir mobba, gjer ikkje skulane her i fylket jobben sin. Det viser tal frå Kunnskapsdepartementet, eit halvår etter at ei strengare mobbelov kom på plass.

DEL

Elevane har fått medhald i fire av fem mobbesaker der fylkesmennene har vurdert om skulane har oppfylt aktivitetsplikten sin.

– Skulen skal vere ein trygg og god stad å vere. Det er uakseptabelt at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje gjer nok for å stoppe mobbing, seier kunnskaps- og integreringsmininister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

23 innmelde saker i fylket

Skulane i Sogn og Fjordane hamnar midt på treet i statistikken som no ligg føre, med 23 innmelde mobbesaker sidan hausten 2017, då regjeringa innførte eit nytt og strengare mobbelovverk, med fylkesmennene som klageinstans. I 15 av sakene blei skulen si plikt til å gjere grep, såkalla aktivitetsplikt, vurdert. I 12 av dei var konklusjonen at skulane hadde svikta.


Målet med nyordninga er å gi elevar rask og riktig hjelp tidleg.

– Barn er sårbare, og det er viktig at både skule og foreldre tar tak i dårleg skulemiljø og mobbing så tidleg som mogleg. Det skal være nulltoleranse mot mobbing. Det er derfor viktig at dei som opplever mobbing seier frå og bruker regelverket, seier Sanner.

Eitt år med ny mobbelov - 1402 klager
 

I løpet av det første året med den nye klageordninga har 1402 saker blitt meldt inn til fylkesmennene. Av dei 1146 ferdigbehandla sakene, blei 372 saker trekte eller avvist. I 774 saker, der fylkesmennene har vurdert om skulen har brote aktivitetsplikta eller ikkje, fann dei at skulen ikkje hadde gjort nok i fire av fem tilfelle. Sogn og Fjordane ligg såleis på gjennomsnittet.

Løyver meir

I haust kjem det mobbeombod på plass i alle fylke. Fleire hundre skular og barnehagar jobber med kompetanseheving for lærarar og tilsette for å skape betre skule- og barnehagemiljø.

For å sikre rask behandlingstid hos fylkesmennene, har regjeringen dobla løyvinga til klageordninga. I 2018 blir det brukt totalt 34 millionar kroner på ordninga.

Artikkeltags