Gå til sidens hovedinnhold

FN-dagen på Florø barneskole

24. oktober 2018, kl. 12:50

FN-dagen vart som vanleg markert med stor aktivitet på skulane i Flora. På Florø barneskole hadde dei innført eigen valuta for anledninga - basse. Alle ungane hadde med ein liten sum i kontantar og fekk utlevert basser i byte. Desse brukte dei til å betale for det dei ville vere med på, om det var fletting eller kortspel.