Bremanger nest best i fylket

Gjer det godt: Elevane frå Bremanger har hatt oppsiktsvekkande gode karakterar. Her er rådmann Tom Joensen på skule med Henrik Førde Ytrehus. Arkivfoto frå 2010: Anita Ingebrigtsen

*** Local Caption *** TILRETTELEGG: Rådmann Tom Joensen vil tilrettelegge opplegget slik at det blir det beste for elevane. Her saman med Henrik Førde Ytrehus i klasserommet på Svelgen oppvekst i januar i år. Foto: Anita Ingebrigtsen

Gjer det godt: Elevane frå Bremanger har hatt oppsiktsvekkande gode karakterar. Her er rådmann Tom Joensen på skule med Henrik Førde Ytrehus. Arkivfoto frå 2010: Anita Ingebrigtsen *** Local Caption *** TILRETTELEGG: Rådmann Tom Joensen vil tilrettelegge opplegget slik at det blir det beste for elevane. Her saman med Henrik Førde Ytrehus i klasserommet på Svelgen oppvekst i januar i år. Foto: Anita Ingebrigtsen

Artikkelen er over 2 år gammel

Den gjennomsnittlege Bremanger-eleven som gjekk ut av grunnskulen i fjor, kunne vise til eit karaktersnitt på 4,33.

DEL

Det er nest best i fylket. I Flora kommune landa snittet på fire blank. Det viser dei førebelse Kostra-tala, som Statistisk sentralbyrå nyleg offentleggjorde.

Ei oppsummering for Bremanger sin del, er at kommunen blir plassert oppe på 38.-plass på tabellen over dei 428 kommunane. Flora er nummer 315 på den lista.

Det seier seg sjølv at poengsummane kan endre seg mykje frå år til år i kommunane, då det kvart år er eit heilt nytt årskull som dannar grunnlaget. Men vi har teke ein titt på heile den tiårsperioden som denne statistikken har vore publisert hjå SSB, og finn at karaktersnittet i Bremanger i fjor var det nest beste sidan 2007. Rekorden kom året før, i 2015 – den gongen var ein oppe i 4,39 i snitt.

I Flora kommune fann vi snittkarakteren 4,10 som beste, noko som skjedde i 2014.

Grunnskulepoeng

Hornindal 4,52

Bremanger 4,33

Fjaler 4,32

Selje 4,32

Askvoll 4,31

Gulen 4,3

Sogndal 4,3

Aurland 4,29

Høyanger 4,26

Leikanger 4,26

Gaular 4,22

Balestrand 4,16

Jølster 4,16

Naustdal 4,16

Førde 4,15

Gloppen 4,15

Eid 4,13

Stryn 4,11

Hyllestad 4,06

Vik 4,04

Solund 4,03

Luster 4,03

Vågsøy 4,01

Flora 4,00

Lærdal 3,97

Årdal 3,97

Noreg 4,12

Gjennomsnitt, avgangselevar i 2016 i Sogn og Fjordane. Kjelde: SSB

Det har vore ei særs god utvikling på landsbasis det siste året. Snittet i heile Noreg har nemleg auka frå 4,08 til 4,12. Denne auken må seiast å vere nokså stor, teke i refleksjon av at alle tiandeklassingar er med i materialet. Snittet i Bremanger er dermed klart høgare enn kva som er tilfelle i Kommune-Noreg. Grunnlaget blir danna av alle karakterane som tiandeklassingane får, og då snakkar vi både standpunkt og eksamen. Deretter deler ein på mengda karakterar.

Det er Hornindal kommune som kjem best ut i Sogn og Fjordane. Her har avgangselevane oppnått eit karaktersnitt på 4,52. På plassen bak kjem Bremanger, og så Fjaler og Selje med 4,32 i snitt. Aller sist på tabellen må Årdal og Lærdal kommunar finne seg i å vere. Her blei det eit snitt på 3,97. Flora kjem på plassen føre desse. På landsbasis er det fleire småkommunar i både toppen og botn. Ein må sjølvsagt ta høgde for at det er snakk om få elevar i desse trinna der, men vi noterer likevel at Værøy yttarst i Lofoten toppar tabellen med eit snitt på 4,86. Der var det berre fem elevar.

I Bremanger kommune var det 50 elevar som gjekk ut av grunnskulen i fjor. I Flora var det snakk om 178 elevar.

– Ikkje uventa resultat

Kommunalsjef for oppvekst i Bremanger, Gro Bakke Abildsnes, minner muntert om at det er tradisjon for å gjere det godt i Bremanger-skulane.

– Vi har eit kompetent og godt personale og ei solid plattform for læring gjennom å jobbe etter PALS-modellen. Vi har også foreldre som er gode på å spele på lag med skulen og ikkje minst så har elevane sjølve gjort ein solid innsats. Alt i alt har vi ein god læringskultur. Ikkje minst grunna at vi har god trivsel i skulane. For noko år sidan hadde vi for høge måltal på mobbing i skulen, men no har vi gode tal også på dette feltet. Det ligg mykje god læring i god trivsel.

– Får de også ein positiv effekt av høg lærartettleik?

– Ja, det får vi. Gjennom det får elevane tettare oppfølging. Men foreldra bidreg også mykje med oppfølging og er med på å løfte nivået på læringa. På ein del av skulane har vi også ei god ordning med leksehjelp på ettermiddagane. Det er vanleg med leksehjelp i småskulen kring om i kommunane, men vi tilbyr dette også på ungdomskulenivå.

PALS-modellen er basert på systematiske førebyggingstiltak som skal rette positiv merksemd mot alle elevane. Dei tilsette skal legge vekt på positiv involvering og oppmuntring og samstundes vere tydelege og stabile på å reagere på negativ åtferd. Målet er å redusere tal elevar med åtferdsvanskar og å fremje god læring for alle.

Artikkeltags