No ber dei folk ha meir respekt for meteorologane sine ord, etter at det denne helga nok ein gong heldt på å gå gale. Ein far med to barn fekk rorhavari på Østfoldkysten i svært dårleg ver, og måtte reddast av Redningsselskapets nye skøyte «Sundt Flyer».

– Vi bergar stadig oftare båtar og båtfolk som slett ikkje burde vore utpå, seier informasjonssjef Ingvar Johnsen i Redningsselskapet.