Skal levere verdas største brønnbåt

SKAL BYGGE: Verdas største brønnbåt vil bli designa, utrusta og fylt opp av utstyr fra Havyard.

SKAL BYGGE: Verdas største brønnbåt vil bli designa, utrusta og fylt opp av utstyr fra Havyard. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Havyard skal levere det som blir verdas største brønnbåt.

DEL

Prisplanen ligg på vel 500 millionar, skriv Firda.

Verdas største

Det er selskapet Sølvtrans som bestiller den 116 meter lange og 23 meter breie brønnbåten. Skipet får namnet Ronja Storm og skal ifølge ei pressemelding frå Havyard også by på verdas beste fiskevelferd.

Skipet får plass til 7.450 kubikkmeter vatn i fisketankane, noko som er over dobbelt så mykje som normalt store brønnbåtar. I tillegg skal båten kunne ta med seg 5.000 kubikkmeter ferskvatn.

– Ei svært viktig kontrakt

– Vi ser fram til samarbeidet med Sølvtrans og ser på dette som ein svært viktig kontrakt for Havyard Group, seier CEO i Havyard, Geir Johan Bakke i pressemeldinga.

– Kontrakten viser også at vi med to brønnbåtar i porteføljen og den tredje under bygging er ein leiande aktør både innan bygging av brønnbåtar og som leverandør av utstyr til brønnbåtnæringa.

Får totalleveransen

Sølvtrans og Havyard har også jobba i lag tidlegare, men denne gongen fekk Havyard Group totalleveransen.

Det betyr at Havyard Ship Technology i Leirvik skal utruste skipet, medan Havyard Design & Solutions skal levere leverer design og engineering. Havyard Power & Systems skal levere dieselelektrisk maskineri og framdriftssystem, automasjon og bruløysing og MMC First Process leverer alt av fiskehandteringsutstyr.

Brønnbåten blir også utstyrt for fiskesortering, transport av slaktefisk og smolt. Den blir også utstyrt for medisinering. 

Artikkeltags