Skattelette for næringslivet

Artikkelen er over 10 år gammel

I Regjeringa si krisepakke er det lagt inn målretta skatteletter for næringslivet.

DEL

Det blir innført midlertidig adgang for selskap til å tilbakeføre underskot mot tidlegare overskot.

Dette er anslått å samla tilføre selskapa minst 7 milliardar kroner i 2009 og 2010, 3¼ milliarder kroner i 2009.

- Dette er et treffsikkert tiltak for å hjelpe dei bedriftene som slit mest til å komme over kneika, seier finansminister Kristin Halvorsen.

I tillegg vert Skattefunn-ordninga styrka med 180 millioner kroner.

Regjeringa føreslår ei konjunkturavhengig skattelette der selskapa får midlertidig adgang til å tilbakeføre selskapsunderskot i 2008 og 2009 mot beskatta overskot dei to føregåande åra.

Dermed vil skatteverdien av underskota bli utbetalt til selskapa ved skatteoppgjørene hausten 2009 og 2010, i staden for at dei reduserer skatten på framtidige overskot.

Dette vil betre likviditeten i selskapa.

Ordningen er anslått å samla tilføre selskapa minst 7 milliardar kroner i 2009 og 2010.

Artikkeltags