Gå til sidens hovedinnhold

Vil overtyde statsråden til å betale

Artikkelen er over 5 år gammel

Frank Willy Djuvik (Frp) kjem til å gjere det han kan for å få samferdsleministeren til å betale for dei store konstnadene på Skadestraumtunnelen etter brannen.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil i morgon besøke Skatestraumen på valturneen sin i Sogn og Fjordane, der han også har sett av tid i Florø til besøk på flyplassen og møte på kvelden i morgon.

 I dag kom også rapporten frå Statens vegvesen til fylkespolitikarane som viser at reperasjonar av tunnelen etter eksplosjonen og brannen vil koste 48 millionar kroner.  I tillegg kjem 16 millionar til ekstraferja som er sett opp mellom Kjelkens og Smørhamn, i følgje NRK.

- Skatestraumen og statleg støtte til reperasjonen vert utvilsamt eit viktig tema for møta med statsråden, sjølv om det vil vere eit brot på vanlege kotyme at staten går inn og betalar for reperasjonar på ein fylkesveg, seier Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp på fylkestinget og  listetopp for Frp i Flora.

-  Dette var eit spesielt uhell. Det viser berre kor håplaust det er at fylkeskommunen fekk dette ansvaret for desse vegane. Fylkeskommunen kan ikkje gå inn og reparere skaden utan at dette går ut over noko anna, då særleg eit generelt vedlikhald av vegane som statsråden meiner det er så viktig å få gjort noko med, seier Djuvik.

Djuvik meiner også at staten har eit spesielt ansvar for at Skatestraumtunnelen fekk den utforminga og den stingninsgraden den fekk og derfor også bør ta eit ansvar for rekninga.

Skatestramtunnelen måtte stengast etter brannen og eksplosjonen 15.juli etter at trekkstaget på tilhengaren til ein tankbil svikta og tilhengaren med 16500 liter bensin trefte tunnelveggen. Tunnelen vil vere stengd minst eit halvår framover.  

Kommentarer til denne saken