– Endeleg er skateparken opna!

Skating: Pablo Bauge og Martin Eide Kristiansen kunne nesten ikkje vente med å komme i gang.

Skating: Pablo Bauge og Martin Eide Kristiansen kunne nesten ikkje vente med å komme i gang. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag vart skateparken ved ungdomsskulen offisielt opna.

DEL

– Eg syns det såg tøft ut, og når eg prøvde det, skjønte eg at det var det her eg likte å drive med, fortel Martin Eide Kristiansen.

Han begynte å skate i sommar, når skateparken var under bygging.

– Eg er supernøgd, seier Pablo Bauge entusiastisk.

LES OGSÅ: Ja, det blir skatepark!

Pablo, son til skater Martin Malkenes, har heldt på i tre år, og fekk vere med å halde snora når ordførar Ola Teigen opna parken.

– Skal du bli proff då?

– Ja, sjølvsagt.

Skateproff Kevin Bækkel hadde teke turen vestover, og hadde berre gode ord å seie om skateparken.

– Den er veldig rå. Hadde eg hatt noko slikt på ungdomsskulen når eg gjekk der, hadde det vore mykje kjekkare å gå der. Her har dei ein «bowl» som ikkje er vanleg, og så er det tak her. Heilt rått, konkluderer han.

Kultursjef Roald Leivestad var og innom opninga og oppmoda til å tenke tryggleik og alltid bruke hjelm, og kunne fortelle at det var gratis utlån av hjelm i Florahallen.

Artikkeltags